Informasjon om leiren
Leiren vert på Sunnhordland folkehøgskule som ligg i vakre, naturskjøne omgjevnadar på øya Halsnøy i Kvinnherad. Her blir det mange ulike aktivitetar, slik som konsert, ballspel, bading, karaoke, kurs med meir.
Tidspunkt: Måndag 23. juni til søndag 29. juni 2025.
Pris per deltakar: 4 900,-
For dei som treng ledsagar, så går ein gratis per deltakar.
Påmelding
Skjerma for påmelding finn du på denne lenka
Påmeldingsfrist er 1. mai.
Leiren er for medlemmar i NFU. Er du ikkje medlem frå før, er det berre å melda seg inn på NFU si heimeside.