Kartutsnitt der du ser postane i turorienteringa litletraven, i området åsskogen på Stord

Litlatraven og Storatraven - Turorientering 2025

Stord Ve og Vel ynskjer også i år å tilby medlemmane å vera med i Litlatraven og Storatraven Turorientering.

Pris

De får 50 % avslag på vanleg pris. Det vert då 50,- for Litlatraven og 75,- for Storatraven. 

Vipps 551659 – Stord kommune ve og vel eller betal kontant (hugs å ta med nøyaktig sum då me ikkje har vekslepengar!!!)

I år vert travarane seld frå kundetorget i rådhuset i opningstida som er mellom 09.30 og 14.30.

Områda og registrering

Litlatraven: Digernes og lærarskulen

Storatraven; Skjephaugen, fjellstova, Lundarstølen og Gruvene.

Postane registrerer du i  appen Turorientering (Ny) eller på nett via nettsida Turorientering.no

Ta med deg familien, vener eller kollegaer på tur i skogen og vert kjend med nye områder på Stord.

Fine premiar vert trekt ut mellom dei som fullfører. Velforeininga supplerar med ekstra vinstar mellom medlemmane våre!

Ver med då vel, dette vert vilt vakkert og rått!!

Bli medlem

Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmar same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmar ved å betala kontingent.

Medlemsskapet er friviljug. Inn og utmelding skal skje skriftleg.

NB! Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er og med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.
NYHEIT! Er du pensjonist frå Stord kommune og ønskjer å vera medlem framleis? No kan du vippsa medlemsavgifta til oss på #551659. NB! Hugs å sende oss e-post adressa di om du vil ha nyheiter frå oss. 

Kontingent og innmelding

Årskontingent er kr 360 pr. år, som vert trekt frå lønn i desember kvart år. Om du ikkje rekk å melda deg inn til lønnstrekk i desember 2024, vil du bli trukke årskontingenta i januar 2025.  

Vil du verta medlem? Send e-post til hanne.flakstad.gunnarson@stord.kommune.no med namn, tilsettnummer og e-postadresse.

Styret

Leiar: Espen Lamo, tekniske tenester, tlf 975 52 047
Nestleiar: Grete Urdal, løn og personal
Kasserar/medlem.reg: Hanne Flakstad Gunnarson, aktivitet og rehabilitering, tlf. 488 64 316
Skrivar: Merethe Eldøy Eikenes, fellestenester og heimebaserte tenester

Styremedlemmar:

Olaf Dahl, habilitering
Tore Hatlevik, kulturtenester, tlf. 982 69 900
Tori Stokke Mæhle, Tjødnalio skule, tlf. 990 08 815
Øyvind Spissøy, tekniske tenester, tlf. 997 25 052
Yngve Kannelønning, tekniske tenester, tlf 920 95 046

 


 

Velferdstilbod

  • Rabatt hos Sport1

    Rabatten gjeld hos Sport1 på Stord. Her får ein 15% i butikk med unnatak for ammunisjon, elektronikk og pakketilbod.

  • Rammeavtale Monter
    • Avtalen gjeld for Monter butikkane i heile landet og ikkje berre her på Stord. 
    • Dei har over 6000 ulike varer i sortimentet.
    • Rabattane vil variera frå produkt til produkt då dei har ulik avanse på varene sine. 
    • Gjeld ikkje på kampanjevare/alt rabatterte prisar.
    • Avtalen er den same som mellom anna dei tilsette på Aker har.
  • Behandling hos NEMUS Stord

    Stord Ve og vel har behandlingsavtale med Nemus Stord. 

    For time hos kiropraktor, fysioterapeut gjelder for medlemmar av Stord Ve og Vel:

    Førstegangskonsultasjon   kr. 580 (720)
    Behandling   kr. 420 (490)

    For time hos massasjeterapeut gjelder for medlemmar av Stord Ve og Vel:

    Behandling enkel (25 min massajse)  kr. 510 (580)
    Behandling dobbel (50 min massasje)  kr. 750 (1050)
    Behandling trippel (75 min massasje)  kr. 990 (1140)

    Merk at dette gjeld kun medlemmane i Stord Ve og vel, og ikkje alle tilsette i Stord kommune. For spørsmål, ta kontakt med Espen Lamo, mob. 975 52 047.

  • Brilleriet

    Gjeld Brilleriet Stord og Brilleriet Heiane

    (prisar per mai 2021)

    • Synsprøve 790,00 (eig. 990,00)
    • 15 % på brilleinnfatningar og solbriller
  • Utleige av diverse utstyr

    NB! Me gjer merksam på at vidareleige av utstyr, hytte og båt ikkje er tillate.

    Betal med Vipps til Stord kommune Ve og vel: 551659

    TilbodPrisKontaktperson
    Bensindriven vedkløyvar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dag

    NB! Fyll opp bensinkanna.
    Brannstasjonen v/Frode Lillerud
    Tlf. 975 52 052
    Elektrisk vedkløyvar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
    Tlf. 975 52 052
    Kappsag50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
    Tlf. 975 52 052
    Høgtrykkspylar m/ terrassevaskar og røyrreinskar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
    Tlf. 975 52 052
    Båthengar (2017 modell), 16 fot – maks 750 kg50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
    Liten tilhengar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
    Stor tilhengar med vangar/grinder50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
    Straumaggregat50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dag. 

    NB! fyll opp bensinkanna.
    Espen Lamo tlf. 975 52 047

    Alt utstyr skal leverast attende minst like fint som då du fekk det, gje melding til kontaktpersonar om feil/manglar!

  • Hytter

    Leilegheiter i Røldal
    Stord Ve og Vel eig tre leilegheiter, to store og ei lita, ved Røldal Terasse. Dei store (69 m2) er identiske berre speglvende, og har 8 sengeplassar kvar. Den vetle er 28 m2, men godt utnytta arealmessig og har 3-5 sengeplassar. Her er velutstyrte kjøken og i kjellaren finn du garasje med bod. Leilegheitene ligg ved Røldal skisenter. 
    2 skikort følgjer med dei store leilegheitene og eit med den vetle.

    For meir info og bilete sjå: Informasjonsskriv om leilegheitene i Røldal eller kontakt Espen Lamo på telefon 97 55 20 47  eller mail espen.lamo@stord.kommune.no

    Søk om å leige leilegheitane i Røldal (Det er berre mogleg å søkja innan gitte søknadsfristar, gjeld vintersesong) 

    Husøya, helge- og vekeopphald
    Husøya ligg i innseglinga til Leirvik hamn og eit steinkast frå "Leirvik sveis". Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med straum, toalett, innlagd vatn og avlaup, Tv og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk. 
    Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemmane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat. Det er flott betongkai ved hytta.

    Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.

    Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var ferdig for utleige frå juli -2000. I 2015-17 vart taket skifta, ny landgang er kome til og det er gjort fleire andre oppgraderingar.

    Pris for eit døger er 500,-  deretter 250,- pr døger.  Ein kan leiga makismalt 1 veke samanhengande. Leiga vert trekt i løn. Det er ikkje lov med framleige. Søk om å leige Husøya her

    Bilete av hyttene finn du på facebooksida til Ve og Vel øvst på sida.

    Kontakt: Stord kommune Ve og Vel v/ Espen Lamo 975 52 047

  • Ferietilskot

    Til sommar- og julaferien trekkjer me ut premiar i form av gåvekort, mat, kinobillettar eller andre høvelege ting. Her er alle som er medlem med i trekninga. Om ein vinn vert det sett karantene på 2 trekningar slik at sjansane vert større for dei som ikkje har vunne før.

  • Trimrom i rådhuskjellaren

    Ve og Vel har utstyrt eit trimrom i rådhuskjellaren. Dette bør du prøva! Inngang på nordsida, mot stomas, og du treng nøkkelkort/brikke for tilgang. Ta kontakt med leiar i Ve og vel om du ikkje har nøkkekort/brikke.

  • Andre aktivitetar

    Det vert arrangert ulike aktivitetar i løpet av året bowling, leirdueskyting, dugnad, kommunefest med revy m.m.