Tilsette er legar, helsesjukepleiarar og assistentar. Arbeidet inneber m.a. foreldrevegleiing og rådgjeving, heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for spe- og småbarn, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og me vurderer og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Me tilviser vidare ved behov, og samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

Velkomen til helsestasjonen -brosjyre (pdf)