Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Demensteam

Generelt

Demensteamet i Stord kommune er eit tverrfagleg team sett saman av ein sjukepleiar og ein ergoterapeut.

Føremål

Føremålet med arbeidet i demensteamet er å leggje tilrette for tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.

Kvifor er utgreiing av demens viktig?

  • Tidleg diagnostisering og sikra rett diagnose
  • Kan gi høve til medikamentell behandling som senkar utvikling av demens
  • Kan gi behandlingstilbod i dagavdeling
  • Gir høve til iverksetjing av tiltak som praktisk hjelp i heimen, heimesjukepleie og korttidsopphald i sjukeheim.

Arbeidet i teamet

Demensteamet brukar kartleggingsverktøyet utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens: Demensutredning i kommunehelsetjeneste.

Demensteamet mottek tilvising frå lege, heimesjukepleie, kundetorg,brukar og pårørande.

Teamet innehar informasjon og tek kontakt for å avtala heimebesøk. Det er alltid pårørande som vert kontakta for å laga avtale.

Til heimebesøket set ein av ca. to timar der følgjande vert kartlagt:

  • Aktivitetane i dagleglivet
  • Mental funksjon og åtferd
  • Pårørande sin situasjon
  • Tryggleik i bustad
  • Nettverk og noverande tiltak

Ergoterapeut og sjukepleiar går saman på heimebesøk, og både brukar og pårørande er tilstades. Sjukepleiar har samtale med pårørande om korleis brukar fungerer, og pårørande sin situasjon i forhold til brukar. Ergoterapeut har samtale med brukar der ein blant anna tek MMSE-test og klokketest og går gjennom tryggleik i heimen.

Etter heimebesøket vert det skrive ein rapport som vert sendt til fastlege saman med kartleggingsskjema. Demensteamet ber pårørande/brukar bestilla time hos fastlege.

Fastlege gjer dei nødvendige tiltak for å setja diagnose.

Brukarar som får ein demensdiagnose får oppfølging i form av hjelpetiltak i samarbeid med tildelingskontoret. Dei som ikkje får ein demensdiagnose etter første utgreiing kan bli følgt opp med ei ny utgreiing etter 6-12 månader.

Kontakt

Besøksadresse

Demensteamet har to kontorstader:

  • Heimebaserte teneste sin base i SKE - bygget i Leirvik sentrum
  • Rehabiliteringssenteret

Demensteamet

Randi Huglen 53 49 67 37

randi.huglen@stord.kommune.no

Ergoterapeut Anna Lise Sortland 95 43 51 54
anna.lise.sortland@stord.kommune.no

Tjenesten oppdatert: 15.05.2019 12:22

Skjema

Dokumenter