• 1-åringen skal oppleva tryggleik, omsorg og nær tilknyting til dei vaksne. Starten av barnehageåret vil vere prega av faste rutinar, skjerma omgjevnadar og få vaksne å forholda seg til
  • Barna skal få tileigna seg nye erfaringar ved å utfordre seg sjølv og få kjenne meistring.
  • Eit variert språkmiljø der barna jamleg og repeterande opplever ulike songar, rim, reglar og forteljingar er viktig for å støtte opp rundt barnet si gryande utvikling av det verbale språket
  • Dei vaksne er tett på i samspel og leik; ein leik som for 1-åringen er utforskande og sansande
  • Dei vaksne “tonar seg inn” og følg perspektiva og initiativa til 1-åringen
  • Det leggast til rette for eit fysisk miljø med rom for kroppsleg tumling og utforsking, kombinert med god plass til å røre seg på for å ta vare på denne sereigne måte å tilnærme seg kvardagen og fellesskapet på