vaksen les for barn

Dette likar me å gjera

Inne på avdelinga likar barna å leike i dukke-og kjøkkenkroken, og i lesekroken les me mange kjekke bøker. Me har konstruksjonsleik med klossar, togbane, duplo og clicks. Barna har tilgong til bilar, dyr, smådukker m.m. På Kvitebjørn har me ein del utstyr til grovmotoriske utfordringar som td. balansebommar og madrassar. Me likar å variere leikemiljøet inne etter kva barna er opptekne av.

Me har turdag ein dag i veka. 

Kvar dag har me samling eller ein aktivitet om tema. Me deler barna inn i mindre grupper og brukar ulike symbol, konkretar og leiker for å konkretisere det samlinga/aktiviteten handlar om.

Uteområdet

Me likar å vera mykje ute og helst oppi haugen ,der me får klatra og gå på oppdagingsferd i naturen.

På denne avdelinga jobbar:

  • Marie E. Isdal - pedagogisk leiar 100% stilling
  • Irene N. Vinje pedagog 10% stilling
  • Vibeke Aga- assistent 90 % stilling
  • Linnea Nordbustad - lærling 100%