tilsett dramatiserer mann og gamal dame

Dette synest me er gøy:

Me på Tyrihans synest det er gøy å vere ute! Me brukar leikeplassen i barnehagen og "Haugen" som er vårt naturområde tilknytta barnehagen sitt uteområde. Me synest det er gøy å utforske og eksperimentere. Inne synest me det er kjekt med formingsaktivitetar, leike rolleleik, spele brettspel og lese bøker. 

Me har fokus på språkleg utvikling og inkludering. Me skal bygge gode relasjonar mellom barn og vaksne, og  jobbar systematisk med inkludering. På Tyrihans jobbar me med det metodiske opplegget "Tal og språksprell" og Snakkepakken som eit supplement til arbeid med barna si språklege utvikling. Me går på tur ein dag i veka og me nyttar det flotte nærmiljøet vårt. Turane går ofte til Hustrudalen, Gapahuken ved Utslettefjellet, Nysæterneset, idrettsplassen og banevegen ved Storavatnet. Barna går på turar med barn tilhøyrande si aldersgruppe.

Førskulebarna:

5 åringane utgjer førskulegruppa, og dette er noko av det som dei gjer på:

Tal- og pråksprell; leik og bevsstgjeringa av språket.
"Min tur" er populært, der barna får bestemma turmål og kva ein vil gjera på tur.
"5 på topp" Til våren gjennomfører alle 5-åringane "5 på Topp" der dei bestiger fem lokale fjelltoppar.
Gymsal: Me nyttar Nysæter ungdomskule sin basishall og turnhall. Det er svært populært og ein fin moglegheit for førskulegruppa til å verta kjent med ein skule.

På denne avdelinga jobbar:

  • John Bathgate- pedagogisk leiar 100% stilling
  • Gunn-Iren Sælevik - pedagog 50 % stilling
  • Ewelina Michalska - pedagog 50% stilling (som fagarbeidar)
  • Irene N. Vinje 10% pedagog