ELEVANE SITT ARBEIDSMILJØ

I opplæringslova §9a -2.ledd og 3. Ledd står følgjande: “Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø som fremjer helse, trivsel og læring”.

Dersom de ikkje opplever at dykkar barn får denne retten oppfylt, må de kontakta skulen. Her er døme på framgangsmåte dersom de t.d. meiner at barnet dykkar vert utsett for mobbing.

  1. Saka  vert sendt skriftleg til rektor
    Døme: “Som føresett til Per, vil eg gjera merksam på at han vert utsett for mobbing av enkelte elevar på skulen. Eg viser til §9a -3 i Opplæringslova og ber skulen gjera greie for kva som vil verta gjort for å få slutt på mobbinga”.
  2. Skulen gjev eit førebels svar
  3. Skulen undersøkjer saka, breitt og raskt (Samtalar med føresette, barnet, andre born m.m.)
  4. Skulen fattar vedtak med grunngjeving
  5. Meldar får skriftleg svar med vedtak og grunngjeving eller vedtaket vert formidla i møte m/føresette
  6. Dersom meldar ikkje er nøgd, kan vedk. klaga til skulen att
  7. Skulen behandlar saka att og kan eventuelt justera vedtaket
  8. Dersom meldar ikkje er nøgd, kan vedkommande klaga til Fylkesmannen. Skulen er pliktig til å hjelpa klagar i prosessen.