I år har me hatt mange flotte elevinnslag i følgjande kategoriar: Song, dans, instrument og open klasse. 

Me må berre få fram at alle som var på scena i dag er vinnarar. Det krev mot å melda seg på, og me ser at det er lagt ned mykje øving før elevane går på scena. Men mest av alt ser me samhold og gleda over å kunna visa fram det dei har førebudd.

Publikum, som består av heile skulen, viste framifrå åtferd. Det var heilt knyst i salen når nokon var på scena, og det var jubel og rungande applaus etter kvart innslag. 

Me er mektig stolt og imponert over kvar og ein av elevane våre.

Bilete frå dagen finn du nedanfor.