Planområdet er på om lag 80 dekar og vist i kartet under. Planområde er større enn kva ny sjukeheim vil krevja, og plangrensa kan verta innskrenka i samband med detaljplanlegginga.

 

Føremål med planen

Kommunestyret vedtok i sak KS-23/25 å bygge ny sjukeheim på eigedom gnr/bnr 56/294 Tjødnalio.

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for etablering av ny sjukeheim med tilhøyrande parkering, uteareal og anna infrastruktur. 

Planarbeidet skal òg utgreia kryssløysing mot fylkesveg, tilkomst inkludert hjartesone ved skule og barnehage.

Planstatus 

Ny reguleringsplan vil erstatta og oppheva reguleringsplan R108000 Tjødnalio skule, og deler av planane planID 201112, Gnr/bnr 56/1, 56/3 m.fl., Almås utmark og R113000 Høgåsen. 

Deler av planområdet er uregulert, arealføremål i kommuneplanen sin arealdel er offentleg og privat tenesteyting med krav om utarbeiding av reguleringsplan.

Konsekvensutgreiing 

Reguleringsplanen krev ikkje konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Grunngjeving er å finne i planintiativet som er tilgjengeleg på planregisteret under kunngjering av planarbeid

Merknader

Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Stord kommune, fagkontor plan v/Tove Agdestein, tlf. 975 52 209.

Merknadsfrist: 05.08.2025