I hovudopptaket vert det tildelt plassar frå nytt barnehageår i august. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for oppstartsdato.

Søknadsfrist til hovudopptaket: 1. mars.

SØK BARNEHAGEPLASS HER

Har du søkt om plass i løpet av året ved løpande opptak, men ikkje fått tilbod, treng du ikkje sende ny søknad for å delta i hovudopptaket. Les meir om løpande opptak lenger nede på sida.

Dersom de alt har barnehageplass og har søkt plass i anna barnehage, ver obs på oppseiingstid i noverande barnehage. Ta kontakt med styrar.

Har barnet rett til plass i hovudopptaket?

For at barnet skal ha lovfesta rett til plass i hovudopptaket, må følgjande kriterier vera oppfylt:

  • Barn som fyller eitt år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass 
  • Barn som fuller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til slik plass innan utgongen av den måndaden barnet fyller eitt år.
  • Barnet har rett til plass i den kommunen der det er busett
  • Søknad om plass må vera mottatt innan 1. mars

Dersom det ikkje er plass i første eller andre prioritet, vil barnet få tilbod om plass i anna barnehage. Viser elles til Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage

Retten til barnehageplass er innfridd når du mottar tilbod om plass.

Byte barnehage?

Send ny søknad dersom du ikkje har søknad inne. 

Prioriterte plasser

Barn med nedsatt funksjonsevne etter Barnehagelova § 13 vert prioritert ved opptak til barnehage. Sakkunnig instans må bekrefta at barnet har nedsatt funksjonsevne,

Barn som det er fatta vedtak om etter Barnevernslova har også prioritet.

Kvar har du rett på plass?

Barnet har rett på plass i den kommunen der det er busett.

Når får du svar?

Me kan ikkje sei kor lang tid det vil ta før du får tilbod om plass. Ventetida er avhengig av når det blir ledig plass i den aktuelle barnehagen og/eller aldersgruppa. Barnet har rett til oppstart frå august det året du har søkt.

Slik foregår hovudopptaket

Opptakskriterier og antal ledige plassar er avgjerande for kven og kor mange som får plass i ønska barnehage. Tilbod om plass i første runde av hovudopptaket vert sendt ut i byrjinga av slutten av mars. Svarfrist er cirka ei veke.

Stord kommune gjennomfører samordna opptak av barnehageplassar ved hovudopptaket kvart år, jf. barnehagelova § 12 og Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune. Kommunen legg stor vekt på å innfri brukarane sine ønske og behov under sjølve opptaket, og organiserer det difor slik:

  1. Første tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet, (nokre barnehagar får fylt opp alle dei ledige plassane i denne runden).
     
  2. Andre tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet (dette om nokon takka nei i første runde) og til søkjarar som har deira barnehage som 2. prioritet.
     
  3. Tredje tilbodsrunde:
    Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1., 2. prioritet, og så vidare.

Søkjarar som ikkje får tilbod i barnehagar dei har søkt i, vert tilbydd plass i barnehagar som ikkje har nok søkjarar til å fylla opp ledige plassar.

Ved tildeling av barnehageplass under hovudopptaket skal barnehagane tildela plassane i tråd med prioriteringane som står i den enkelte barnehage sine vedtekter

Kommunen har oppfylt kravet om å gje tilbod til alle barn med rett til barnehageplass når barna har fått tilbod om barnehageplass i kommunen dei bur i. Rett til barnehageplass gjeld kun under hovudopptaket. Unntaket er barn med nedsett funksjonsevne og barn det er fatta vedtak om etter barnevernslova. Desse barna skal ha prioritet ved supplerande opptak også.

Løpande opptak

Styrarane tildeler elles ledige barnehageplassar gjennom året. Barn med nedsett funksjonsevne og barn det er fatta vedtak om etter barnevernslova har rett til prioritet ved løpande opptak også.