Kontakt med byggesak

For å få til ei raskast mogleg handsaming av byggesaker, har me telefontida måndag til fredag kl. 09.00 – 14.00. Førespurnader til eininga kan også sendast på epost: rbo@stord.kommune.no

Du kan finne svar på det du lurar på under fanene på denne sida og på Direktoratet for byggkvalitet si nettside finn du mange typar digitale rettleiarar. Desse kan fortelle deg kva du kan bygge utan å søkja, ofte stilte spørsmål og svar og aktuelle forskrifter og regelverk med forklaring til dei einskilde føresegnene. 

Må eg søkja, og kan eg søkja sjølv?

Du må i dei aller fleste tilfelle ha løyve frå kommunen når du skal byggje nytt (bygning, terrasse, støttemur, brygge mm.), byggje på (tilbygg eller påbygg), riva bygg eller endre bruken av eit bygg eller del av eit bygg (bruksendring). Deling av eigedom og arealoverføring vert også handsama etter reglane i plan og bygningslova og byggesaksforskrifta.

Sjekk om du må søkja og om du kan søkja sjølv eller om fagfolk må søke for deg. Her finn du byggeregelverk.

Korleis finne ut kva som er tillat på eigedomen din? 

Sjekk om du må senda byggesøknad

Dette kan du bygge utan å søkja 

Bod, garasje eller annen bygning utan å søkja?  

Sjekk om du kan bygge terrasse utan å søkja 

Sett opp tilbygg utan å søkja 

Få oversikt over kva du må finne ut før du kan setja i gang 

NKF si rettleiing om kva tiltak som er friteke og kva tiltak ein må søkja om finn du her

Legg merke til at arbeid som ikkje krev søknad  ALLTID skal vere i samsvar med føresegner som følger av kommuneplanens arealdel, kommunedelplan, reguleringsplan (også kalla områdeplan og detaljplan) som eigedommen din er omfatta av. Fritak frå søknadsplikta gjeld berre dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplan, t.d byggjegrense. Sjekk difor planinformasjon for eigedomen din.

 

Bruksendring

Bruksendring? 

Har du planar om endra bruken av eit bygg må du søkja med fagfolk dersom

  • du skal endre bruk av bygningen, til dømes fritidsbustad til bustad
  • du skal ha ei ny bueining/leilegheit i bustaden din
  • du skal endre bruk næringsbygg til anna næringsføremål, til dømes frå industri til restaurant
  • du skal endre frå næringsbygg til bustad

 

Dispensasjon

Dersom det du skal å byggja oppfyller vilkåra for å vere unntatt søknadsplikt, men er i strid med gjeldande arealplan (t.d. byggjegrense, utnyttingsgrad, takvinkel, høgde) må du søkja om dispensasjon før du kan gå i gang med tiltaket.

Her finn du meir informasjon og søknadsskjema for dispensasjon PDF document ODT document

Ved bygging av garasje, hagestova og tilbygg, må du sjekka utnyttingsgraden for tomta. Kva som er gjeldande utnyttingsgrad for din tomt finn du i reguleringsplanen/kommuneplanen. Du kan sjekke dette ved å gå inn i kommunen sin kartportal. 

Før bygging og ved terrengarbeid må du hugse å sjekke om det ligg leidningar i grunnen.

Dersom eigedomen grensar mot offentleg veg og ligg i uregulert område, gjeld byggjegrenser i veglova (15 meter frå kommunal veg og 50 meter frå fylkes- og riksveg). Søknad om dispensasjon frå veglova (t.d. avstand frå kommunal veg i uregulert område) skal sendast til vegmynde i Tekniske Tenester i kommunen. Ved fylkesveg sendast dispensasjon til Vestland fylkeskommune.

Situasjonskart, planinformasjon og naboliste finn du her 

Melda tiltaket til kommunen

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gi beskjed til kommunen. Kommunen treng opplysningane for å oppdatere dei digitale karta sine.

Meld frå til kommunen når bygget er ferdig

Skjema

Du gjer beskjed til kommunen ved å fylla ut skjemaet: Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt 

Legg ved kart med innteikna plassering av tiltaket - sjå her korleis du skriv ut kart frå kartløysinga "Stordkart" 

Melding skal sendast til:

Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord

eller på e-post til rbo@stord.kommune.no

Digitale søknadsløysingar

Søknad utan ansvarsrett digitalt

Utvalet av digitale søknadsløysingar for byggesak blir stadig større, og det finns tilbod som gir god støtte for søknader utan ansvarsrett for både profesjonelle og privatpersonar. Fordelane med å sende byggesøknader gjennom ein digital teneste, er at du får rettleiing undervegs – slik at det blir enklare å senda inn ein komplett søknad til kommunen. For vår del vert søknaden meir komplett og motteke direkte i sak/arkivsystem. 

Dette er tenestane som kan brukast til å laga og senda søknad utan ansvarsrett digitalt:

  • eByggesøk 
    Tenesta inkluderer nabovarsling og søknad utan ansvarsrett. Privatpersonar får hjelp til å finna ut om ein må søkja og kva søknad som må sendast. Tenesta vert levert av Norkart.
     
  • Byggesøknaden.no 
    I tillegg til søknad utan ansvarsrett, tilbyr tenesta heile spekteret av byggesøknader. Tenesta kan kun førebels brukast av profesjonelle søkjarar. Tenesta vert levert av Ambita/Norconsult.

Sjekk her kva løysingar som er tilgjengeleg for private og profesjonelle søkjarar

Søkja sjølv

Her finn du ein oversikt over kva for mindre byggjearbeid på bebygd eigedom du sjølv kan søkja:

Informasjon til tiltakshavar og søkjar

Korleis søkja

Korleis finne ut kva som er tillatt på eigedomen din

Du treng søknadsskjema, situasjonskart, planinformasjon og naboliste.

Ta kontakt med tekniske tenester for å avklare kor ein kan knyta seg til kommunalt vass-, avlaups- og overvassanlegg, og /eller om eit planlagd tiltak kan påverke kommunalt hovudleidningsnett. Dette kan m.a. gjelda konfliktar med avstandskrav frå vass- og avlaupsanlegg. Tinging  av VA-kart. 

Teikn inn tiltaket på situasjonskartet. Lag plan- snitt- og fasadeteikningar som er målsett og i målestokk. Les meir om å laga situasjonskart/plan.

Om tiltaket ditt kjem i konflikt med reguleringsplan og/eller kommuneplanen til dømes byggjegrenser eller føresegner, må du  søkja om dispensasjon PDF document ODT document frå planen. Du kan skrive søknaden i eit brevform eller  nytta skjema som du finn bak lenke. Søknaden skal vere grunngjeven, jf. plan og bygningslova §§ 19-1, 19-2.

Send ut nabovarsel.  Dette kan du gjere anten ved å overlevera personleg, senda rekommandert sending eller varsla per e-post. 
For at varsling per e-post skal vere gyldig må naboen svara at e-posten er motteke. Utskrift av e-posten frå nabo/ tverrbuar må leggjast ved søknaden. Om nabo/gjenbuar har merknader skal dei senda desse skriftleg til deg. Som søkjar skal du gjere greie for eventuelle merknader og vurdering av desse før du send søknaden til kommunen. Eventuell søknad om dispensasjon må følgja nabovarsel. Nabovarsel - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Send søknaden til kommunen. Søknaden og dokument elektronisk til kommunen, via epost til rbo@stord.kommune.no,  gjennom eDialog eller per post til Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling, Postboks 304, 5402 Stord.  

Søknad og vedlegg

Søknad skal innehalda følgjande:

  • Søknadskjema, evt. skjema 5153 (dibk.no), utfylt og underskrive
  • Kopi av nabovarsel (Skjema 5154)
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med kommentarane dine
  • Målsett situasjonskart som viser tiltaket si plassering
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som visar endringane. Teikningane skal vera målsett og i målestokk. Ved til-/påbygg skal òg eksisterande fasade og plan visast
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som viser sist godkjende situasjon (eksisterande teikningar) må leggjast ved. Dersom du manglar teikningar av eksisterande bygning, ta kontakt med Regulering, byggesak og oppmåling. Er det forskjell mellom faktisk situasjon og siste godkjende situasjon må dette gjerast greie for. 
  • Eventuelt søknad om dispensasjon.
  • VA-kart frå Tekniske tenester

Skjema, kart, naboliste

Her er oversikt over korleis du kan finne dei dokumenta du treng

Hva kostar det å søkje? 

Her finner du sakshandsamingsgebyr.

Handsamingstid

Frist for handsaming er 3 veker dersom tiltaket er i samsvar med lova, ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå anna ikkje er naudsynt. Søknadar som krev dispensasjon frå plan eller føresegner skal kommunen avgjere innan 12 veker.  Fristen vert forlenga med den tid som går med til feilretting og supplering av opplysingar.

Treng du rettleiing?

Er du i tvil, kan du ta kontakt med byggesaksavdelinga på Regulering, byggesak og oppmåling for hjelp og rettleiing.

Søkja med fagfolk

Einebustad, større tilbygg, påbygg, større støttemurar, bruksendring og oppdeling av eksisterande bueining er døme på tiltak du må søkja med hjelp frå fagfolk. 

Tiltak som krev søknad utarbeidd og sendt inn av ansvarleg føretak finn du her.

Korleis søkja

  1. Kontakt fagfolk som kan søkja på vegne av deg og stå som ansvarleg søkjar. Du må engasjera fagfolk som tek på seg ansvaret for prosjektering og utføring av tiltaket. I nokre tiltak er det også krav om kontrollerande (uavhenging kontroll). Føretaket skal senda ein erklæring til ansvarleg søkjar, evt. direkte til kommunen med kopi til ansvarleg søkjar.
  2. Du treng situasjonskart, planinformasjon og naboliste.
  3. Ta kontakt med avdeling Tekniske tenester for å avklara kor ein kan knyta seg til kommunalt vass-, avlaups- og overvassanlegg og/eller om eit planlagd tiltak kan påverke kommunalt hovudleidningsnett. Dette kan m.a. gjelda konfliktar med avstandskrav frå vass- og avlaupsanlegg. Tinging av VA-kart.
  4. Ansvarleg søkjar/du skal teikna inn tiltaket på situasjonskartet og lage plan-,  snitt-,  og fasadeteikningar som er målsett og i målestokk. Det kan også vere naudsamt å ha terrengprofilar som viser tiltaket i høve omkringliggjande busetnad.
  5. Dersom tiltaket kjem i konflikt med reguleringsplan og/eller kommuneplanen til dømes byggjegrenser eller føresegner, må du/ansvarleg søkjar søkja om dispensasjon frå planen. Du kan skriva søknaden i brevform eller nytta skjema som du finn her PDF document ODT document . Søknaden skal vere grunngjeven, jf. plan og bygningslova §§ 19-1, 19-2.
  6. Send ut nabovarsel. Dette kan du gjere anten ved å overlevera personleg, senda som rekommandert sending eller varsla per e-post. For at varsling per e-post skal vera gyldig må naboen svara at e-posten er motteke. Naboen skal senda eventuelle merknadar til ansvarleg søkjar innan ein frist på minst 2 veker. Utgreiing og vurdering av merknader skal leggjast ved søknaden til kommunen.
  7. Send søknaden til kommunen. Søknaden og dokument til kommunen elektronisk, på epost til rbo@stord.kommune.no, gjennom eDialog eller per post til Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling, Postboks 304, 5402 Stord. 

Søknad og vedlegg

Søknad skal innehalda følgjande:

  • Søknadsskjema utfylt og underskrive
  • Opplysingar om tiltakets ytre rammer
  • Kopi av nabovarsel (gjenpart)
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med dine/ansvarleg søkjar sine kommentarar
  • Målsett situasjonskart som viser tiltaket si plassering
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som visar endringane. Teikningane skal vera målsett og i målestokk. Ved til-/påbygg skal òg eksisterande fasade og plan visast
  • Plan-,  snitt og fasadeteikningar som viser sist godkjende situasjon (eksisterande teikningar) må leggjast ved. Dersom du manglar teikningar av eksisterande bygning, ta kontakt med Regulering, byggesak og oppmåling. Er det forskjell mellom faktisk situasjon og siste godkjende situasjon må dette gjerast greie for. 
  • Eventuelt søknad om dispensasjon
  • Gjennomføringsplan
  • Erklæringar om ansvarsrett
  • VA-kart frå Tekniske tenester

Skjema

Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Kva kostar det å søkje? 

Her finn du sakshandsamingsgebyr.

Handsamingstid

Kommunen sin frist for handsaming er 3 veker dersom tiltaket er i samsvar med lova, det ligg ikkje føre nabomerknader, og ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå anna mynde ikkje er naudsynt.  Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylt og/eller søknadar krev dispensasjon frå plan eller føresegner er handsamingstida 12 veker. Fristen vert forlenga med den tid som medgår til feilretting og supplering av opplysingar. 

Lover

Plan og bygningslova

Byggesaksforskriften

Utsleppsløyve

Eig du bustad, hytte, turistverksemd og liknande som ikkje er knytt til/eller kan knytast til, offentleg avløpsanlegg eller du skal søkja om oppretting av ny grunneigedom der det ikkje er offentleg vatn og avløp, må du søkja kommunen om løyve til å sleppa ut avløpsvatn. Dersom verksemda berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avlaup frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avlaup frå kjøken, bad og vaskerom (klosettavlaup ikkje inkludert).

Les meir her

Forskrift om utslepp av avlaupsvatn, Stord og Fitjar

Søknadsskjema om utsleppsløyve

Søknaden skal sendast anten på epost til rbo@stord.kommune.no,  gjennom sikker innsending av post - eDialog eller per post til

Stord kommune
Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 Stord

Førehandskonferanse

Er du framleis i tvil på om du kan byggje utan å søkje, eller du treng eit møte med kommunen for å gå gjennom ideane dine til byggjeprosjekt og kva for rammer som gjeld, kan du tinge ein førehandskonferanse.

Ein førehandskonferanse etter plan og bygningslova § 21-1 skal avklara føresetnadane for tiltaket og rammene for eventuelt vidare søknad og sakshandsaming i ein tidleg fase. 

Kommunen skal ut frå den informasjonen ein har fått gje tilbakemelding om krav knytta til arealplanar, aktuelle lover, forskrifter og retningsliner, infrastruktur, dokumentasjonskrav, krav til plassering av tiltaket, behov for koordinering med andre mynde som t.d. vegmynde, hamnemynde, kulturminnemynde, arbeidsmiljømynde, og saksgang, her under forventa handsamingstid.  Det vert skrive referat frå møtet.

Gebyr for førehandskonferanse kan ein finne på nettsida til kommunen.

Skjema for tinging av førehandskonferanse

Klage

Du kan klaga på vedtak  dersom du er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagen og dokument til kommunen kan sendast anten på epost til rbo@stord.kommune.no,  gjennom eDialog eller per post til Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling, Postboks 304, 5402 Stord.
 

Lover

Forvaltningslova

Frådeling og arealoverføring

Ønskjer du å dela eigedomen din og opprette ei ny grunneigedom, må du søkja om oppretting av ny grunneigedom, jf. plan og bygningslova §§ 20-1 bokstav m, 20-4.

Skal du overføra areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedomar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføra større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.

Les meir om oppretting av ny grunneigedom og søknad her

Les meir om arealoverføring her

Gebyrregulativ

For alle søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal det betalast gebyr. Samla gebyr inneheld grunngebyr, sakshandsamingsgebyr, registreringsgebyr og eventuelle tilleggsgebyr. Tilleggsgebyr kan for eksempel vera gebyr for utsending av mangelbrev ved mangelfull søknad, dispensasjonshandsaming eller godkjenning av sjølvbyggjar ansvar mv. Storleiken på gebyret er det same for løyve som for avslag.

Gebyrregulativet kan finnast her:

betalingssatsar-2024.pdf (custompublish.com)

 

Eksempel på utrekning av gebyr (utan tilleggsgebyr som f.eks. gebyr for dispensasjon): 

 

Mindre tiltak som tiltakshavar kan søkja om sjølv, for eksempel garasje, tilbygg eller uthus:

Grunngebyr for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 3.646 / Grunngebyr for søknad på papir/e-post: kr. 4.271

Registreringsgebyr for tiltak utan ansvarsrett: kr. 2.188

Mindre tiltak som garasje, tilbygg, uthus: kr. 8.054

Totalt for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 13.888

Totalt for søknad på papir/e-post: kr. 14.513 

 

Fasadeendring bustadbygning:

Grunngebyr for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 3.646 / Grunngebyr for søknad på papir/e-post: kr. 4.271

Fasadeendring bustadbygning: kr. 5.877

Totalt for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 9.523

Totalt for søknad på papir/e-post: kr. 10.148 

 

Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ei brukseining som tiltakshavar kan søkja om sjølv:

Grunngebyr for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 3.646 / Grunngebyr for søknad på papir/e-post: kr. 4.271

Registreringsgebyr for tiltak utan ansvarsrett: kr. 2.188 

Bruksendring for tiltak utan ansvarsrett: kr. 4.960

Totalt for søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 10.794

Totalt for søknad på papir/e-post: kr. 11.419 

 

For samanslåing av bueiningar etter plan- og bygningslova, har me satt eit fast gebyr som omfattar grunngebyr + 2 timar medgått tid i byggjesaker. Totalt vert gebyret:

Søknad gjennom elektronisk søknadsportal: kr. 6 146

Søknad på papir/e-post: kr. 6 771