Då kan du levera dei inn til biblioteket så andre kan få glede av dei!

Stord hagelag og Stord folkebibliotek har inngått eit samarbeid om frøbibliotek. For at frøbiblioteket skal bli så bra som mulig treng me fleire frø! Legg frø du vil gi til biblioteket i luftige poser, gjerne eit kaffefilter, og skriv på namn og eventuelt blomsterfarge. Lever det på biblioteket og me vil leggja frøa i samlinga og gjere dei klare til utlån, slik at andre kan få gleda av dine frø til neste år.

 

Frøbiblioteket: Lån - Dyrk - Haust - Lever

Korleis fungerer frøbiblioteket?

  1. Lån med deg frø frå biblioteket heim
  2. Så frøet
  3. Samle inn nye frø hausten etter
  4. Gi dei nye frøa tilbake til biblioteket