Meld frå om arrangement

Sør-Vest politidistrikt har eige skjema som du kan bruke for for å søke om/melde inn arrangement.

Arrangement - politiet

Politiet har også samla ein oversikt over lover, regler og rettleiing som kan vera til hjelp når du planlegg eit arrangement.

Tips - innan du søker om/melder frå om arrangement

Ulike frister

  • Om arrangementet er meldepliktig må du sende søknaden minimum to veker før start.
     
  • Om arrangementet er søknadspliktig må du sende søknad minimum fire veker før start. Ved større arrangement bør du orientere politiet alt når du starter planlegginga.
     
  • Ved markeringer av politisk eller annen art, som av naturlige årsaker er ønskja arrangert innan kortere tidsfrister, skal du snarest mogeleg melde frå til politiet.

Melde eller søknadsplikt?

Arrangør si melde- og søknadsplikt er heima i politilova § 11 og forskrift om politivedtekter, Stord kommune §§ 7-1 og 7-2.

§ 7-1. Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, òg som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set.

§ 7-2. Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement 

Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må i god tid forut for arrangementet sende melding til politiet, når arrangementets art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad.

Politilova

Politivedtekter for Stord kommune

Veileder for sikkerhet ved store arrangement

Avlysning

Dersom arrangementet vert avlyst gir du melding om dette til politiet så snart som mogeleg.

Spørsmål

Har du spørsmål til søknaden kontakter du politiet i Sør-Vest på post.sor-vest@politiet.no