Ulike skjenkeløyve

Sjølv om det ikkje vert teke betaling for alkohol på festen/arrangementet kan det ligge føre eit krav om skjenkeløyve då det er forbod mot nyting av alkohol på offentleg stad utan slikt løyve.

Ønskjer du å servera alkoholhaldig drikk på ein private fest utanfor din eigen heim, kan det vera krav om skjenkeløyve for lukka lag.

Ønskjer du å skipa til eit offentlege arrangement  og servera alkoholhaldig drikk, må du søkja om skjenkeløyve for eitt enkelthøve for ope arrangement.

For nokre arrangement kan det vera aktuelt å søkja om salsløyve for eitt enkelthøve.

Ta kontakt med avdeling fellestenester dersom du har spørsmål om skjenkeløyve for enkelthøve.

Trygg mat på messer og festivaler

All servering av mat ved festivaler og messer skal registrerast hos Mattilsynet. Du må også oppgi adresse til kjøkkenet kor maten vert laga.

Mobilt sal av matvarer

Når du skal servera mat ute på arrangement som messer og festivaler, har Mattilsynet mange gode råd og tips til korleis ein kan ivareta god hygiene slik at maten som vert servert er trygg. 

Trygg mat på messer og festivaler

Ver merksam på at servering frå matvogner, kan krevja serveringsløyve frå heimehøyrande kommune.

Ta kontakt med avdeling fellestenester dersom du har spørsmål om serveringsløyve.