Siste dag før vinterferien gjekk Tjødnalio grand prix 2024 av stabelen.

Elevane frå 4. - 7. trinn kunne melda seg på i kategoriane song, dans, instrument og open klasse. Me fekk sjå eit variert program før midttimen denne dagen. Det er imponerande kor flinke og kreative elevane er i innslaga sine. Og like imponerande er det at resten av skulen som ser på, oppfører seg heilt eksemplarisk. Etter innslaga er det stemmegiving. Stemmene frå kvart trinn vert telt opp, og så er det premieutdeling og visning av vinnarinnslaget etter midttimen. Alt fint leia av flinke programleiarar frå 7.trinn. Stemninga er høg og alle er sjølvsagt veldig spente på kven som stikk av med sigeren i kvar kategori. 

Ein stolt og rørt rektor vil retta ein stor takk til alle som var med på scena. Det er ein seier berre å delta! Og ikkje minst ein stor takk til eit støttande publikum som er med og lagar dette til eit fint arrangement!