Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år. Me har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane sin helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet.

Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesøster på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ønskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale.

Elevane kan få råd og vegleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Me gjer timeavtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtaler.

Helsesøster kan m.a. gje vegleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det.

Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv.

Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege og andre aktørar deltek i deler av undervisninga.