Rogne har jobba som lærar sidan ho var ferdig utdanna og hatt arbeidsplassen min ved Nordbygdo ungdomsskule sidan hausten i 2010, dei siste seks åra som utdanningsrådgjevar og assisterande rektor. No ser ho fram til nye utfordringar.

Nordbygdo ungdomsskule har vore ein svært god arbeidsplass og eg har trivst veldig godt, men eg tenkjer etter så mange år ved same arbeidsplass er det sunt å flytte på seg. Komme ut av komfortsona og få nye arbeidsoppgåver og utfordringar. Når det opna seg ein moglegheit til å søkja på rektorstillinga på Litlabø kunne eg ikkje la den gå i frå meg, seier Rogne.

Litlabø skule ligg i ei bygd med mykje kulturhistorie. Skulen er eit viktig samlingspunkt, og ho ser fram til å bli meir kjent med nærmiljøet og utforska mogleikheitane for samarbeid med til dømes lag og organisasjonar.

Å vera rektor er ein kompleks jobb med mange oppgåver og ansvarsområde. Det er mykje som skal løysast i ein travel kvardag, og ein kan sikkert komme til å kjenne på at det er utfordrande å finna nok tid. Heldigvis vil eg ha gode tilsette med meg på laget og det er gode rutinar og system på skulen. Eg ønskjer å ta initiativ, og å vere tydeleg, involverande og demokratisk i leiarrolla. Eg ønsker å bidra til ein organisasjonskultur slik at alle tilsette vil støtta og hjelpa kvarandre i arbeidet dei skal utføra. Elevane er vårt felles ansvar, som me saman skal arbeida om for å skapa eit trygt og godt skule – og læringsmiljø. Eg ser fram til å ta fatt på jobben, og gler meg til å bli kjent med elevar, føresette og tilsette. Aller mest gler eg meg til å vera med elevane og å skape ein god skule for dei, seier den nye rektoren.

Me ønskjer ho lykke til i ny stilling hjå oss.