Gjennom utarbeiding av og prosess med strategiane har Stord kommune utvikla følgjande definisjon:

Arbeidsgjevarstrategien er dei handlingar, haldningar og verdiar som kommunen står for og praktiserer ovanfor medarbeidarane kvar dag.

Arbeidsgjevarstrategien skal synleggjera på overordna nivå korleis kommunen som arbeidsgjevar vil jobba for å utvikla organisasjonen og dei menneskelege ressursane i organisasjonen for å oppnå kommunen sine overordna mål.

Arbeidsgjevarstrategien byggjer på arbeidsmiljølova og hovudavtalen sine mål om samarbeid og medverknad. Gjennomføring av strategien er eit felles ansvar. Eit vel- fungerande samspel mellom leiarar og medarbeidarar, og mellom administrasjonen, folkevalde, tillitsvalde og vernetenesta, er ein føresetnad for å nå måla med strategien.

Arbeidsgjevarstrategien skal fram mot 2025 vera eit overordna strategidokument som synleggjer og bidreg til ein føreseieleg arbeidsgjevarpolitikk over tid.

Stord kommune sin Kultur- og verdiplakat er førande for arbeidsgjevarstrategien med visjon og verdiar som felles plattform. Personalpolitisk plan for Stord kommune vart sist handsama i driftsstyret 2014 og skal reviderast. Ny arbeidsgjevarstrategi vert førande for personalpolitisk plan vidare.

Arbeidsgjevarstrategien skal oppdaterast og handsamast på nytt innan utgangen av det første året i kvar ny kommunestyreperiode.

Plandokument

Stord kommune sin arbeidsgjevarstrategi