Formannskapet vedtok i møte 14.10.20 å utarbeide ein byromsstrategi for deler av Leirvik sentrum (torget - Borggarden - Sunnhordlandskaien). Det vart satt ned ei arbeidsgruppe og utarbeidd mandat for arbeidet. Arbeidsgruppa har hatt følgjande mandat: 

  1. Utarbeide framlegg til byromsstrategi for sentrumsaksen torget - Borggarden - Sunnhordlandskaien 
  2. Strategien skal byggje på innhaldet i moglegheitsstudien Veni-Vidi-Vikjo, på innspelsrapporten frå nærmiljøprosjektet, på relevante innspel til kommuneplanarbeidet og på erfaringar frå prosessen med å etablere aktivitetsområde i Borggarden 
  3. Strategien skal ta omsyn til og eventuelt samarbeide med pågåande og planlagde prosjekt for arealbruk i sentrum 
  4. Strategien skal vise kva for funksjonar/aktivitetar og målgrupper dei ulike byromma skal ha 
  5. Strategien skal leggje til grunn kommunen sine folkehelsemål 
  6. Arbeidsgruppa skal knyte til seg konsulent med fagkompetanse i planlegging/design av byrom/uteområde som kan bistå gruppa i arbeidet 

Fire lokale arkitektfirma vart inviterte til å gi tilbod på konsulenttenester. Tre firma gav tilbod, og ABO plan og arkitekttur vann konkurransen.

Plandokument