Kartlegginga og verdsetjinga blei gjort i 2015 for å få ein oversikt over område for friluftsliv i Stord kommune og gradera kvaliteten på dei og såleis vera eit nyttig arbeidsverkty når framtidige planar skal lagast. Målet er at viktige friluftsområde ikkje vert bygd ned grunn manglande kunnskap om kvaliteten og bruken dei har.

Arbeidet starta opp i 2012. Stord kommune v/ Sylve Rusten (rådgjevar idrett‐ og friluftsliv) har vore prosjektleiar medan Plan Vest as har vore innleigd konsulent, og stått for det praktiske arbeidet, utarbeiding av kart og rapport.

Rapporten syner kva som er status quo pr. dato, men storleik og kvalitet for områda kan vert endra ved ny kunnskap, det kjem endringar i infrastruktur eller anna utbygging. Det er ei føremon at planen vert rullert jamleg.