Sidan skuleåret 2009-2010 har Litlabø skule delteke i eit Olweusprosjekt om å førebyggja mobbing. I den første undersøkinga hausten 2009 var det fleire område som peika seg ut i negativ retning. Den siste undersøkinga hausten 2010 syner derimot veldig godt resultat.

– Alt er ikkje rosenraudt, men elevtrivselen er god. Alle elevane seier at dei har vener, og me har fått betre resultat på alle område me har jobba med, slår rektor Trude Aamot fast. 

– Dette viser at det er viktig å setja fokus, og no må me halda fram det gode arbeidet, legg ho til.

Rektoren fortel at alle lærarane har vore kursa gjennom heile året, og at klassane har jobba mykje med temaet.

Merkar forskjell

Elevane Jonas, Ronja, Victoria og Bjørn Rune kan fortelja at dei godt kan merka forskjell.

– Det skjedde oftare krangling og plaging før. No er det rolegare i friminuttane. Skjer det noko tek me det opp i klassen med ein gong, seier dei. 

Dei fire Litlabøelevane hevdar at dei heller ikkje har sett plaging på skulevegen etter at prosjektet vart starta opp.  

Like viktig for mindre skular

Rektor Trude Aamot peikar på at det er like viktig å jobba for å førebyggja mobbing på ein liten skule.

Victoria (5 kl) synest det er kjekt å gå på Litlabø skule.

– Dei vaksne ser oss og det er lett å få hjelp.

Tiltak

Konrete tiltak som er gjennomført ved Litlabø skule i samband med Olweusprosjektet:

  • Trivselsleiarar (elevar) som har hatt ansvar for å setja i gang aktivitetar i friminuttet.
  • Kjøpt inn ein del leiker som Boccia, ringspel mm.
  • Fast klassemøte med kontaktlærar der me diskuterer korleis elevane har det t.d. i friminuttane og på skulevegen.
  • Felles reglar i klasserommet
  • Mobberingen - verktøy for bevisstgjering av roller i ein mobbesituasjon
  • Arbeid i klassane
  • Kursing av lærarar

Bildet: Frå venstre: Jonas (7. kl), Bjørn Rune (5. kl), Victoria (5. kl) og Ronja (7. kl)