Hystad naturreservat vart verna ved kongeleg resolusjon 23. november 1984. Svartorskogen i Hystadmarka er i Utkast til verneplan for edellauskog i Hordaland fylke omtala som den største svartolder-strandskogen ein kjenner til på kystenav Vestlandet.

Forvaltningsplanen er utarbeida med utgangspunkt i dei rammene som verneforskrifta gjev, og dei føringane som ligg i utkast til verneplan. Ein sentral del av forvaltningsstyresmaktene si oppgåve er å forvalte naturreservatet i tråd med føremålet for vernet. Forvaltningsplanen vil bidra til å sikre ei meir heilskapleg og langsiktig forvaltning av området.

Stord kommune har som einaste kommune i Hordaland lokal forvaltning av verneområda. Det vil sei at kommunen sit sjølv med ansvar for skjøtsel og forvaltning av verneområda, innafor rammene som verneforskriftene og dei til ei kvar til gjeldande statlege føringar gjev.

Plandokument