Rådmann Magnus Mjør er framleis sjukemeldt, og situasjonen er uavklart. Då sjukemeldingsperioden har vart så lenge, legg me no opp til å konstituera Mariann J. Hilt som rådmann inntil vidare.

 

Saka vart handsama i arbeidsgjevarutvalet i førre veke, og skal opp i kommunestyret torsdag 16. februar. Innstillinga frå arbeidsgjevarutvalet seier at Hilt vert konstituert som rådmann i Stord kommune og får rådmannen sitt ansvar og fullmakter i den tida ho er konstituert.

 

Mariann og resten av leiargruppa har gjort ein imponerande jobb sidan Magnus vart sjukemeldt i fjor sommar, og eg er takksam for at Mariann vil fortsetja i rolla som rådmann i tida framover, seier ordførar Gaute Straume Epland.