Informasjon om kulturprisen

Kulturprisen vert gjeven for aktivitet og frivillig kulturarbeid over lengre tid eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak.

Det er høve til å senda skriftlege framlegg om kandidatar til komité for næring, miljø og kultur. Medlemar i komiteen kan og gjera framlegg om kandidatar.

Komiteen for næring, miljø og kultur gjer endeleg vedtak om kven som skal få prisen. Utdelinga skal gjerast kjend i lokalpressa.

Prisen vert delt ut samstundes som målprisen og kulturstipend ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Frist for å koma med framlegg til kandidatar vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland.

Frist for å senda inn forslag til kandidat er 15. september.

Tidlegare mottakarar av kulturprisen

1976 - Kristen Sørheim
1977 - Reinert Adgestein, Ola Høyland, Odd Resser senior
1978 - Agnes Kyvik
1979 - Tor Haugland
1980 - Halvdan Hystad, Lars Skarpnes
1981 - Øydis Eide Høyland
1982 - Øivinn Berger
1983 - Per Lønning
1984 - Erling Evanger
1985 - Berge Presthaug
1986 - Gerhard Haugland
1987 - Finn Nitter 
1988 - Aashild Nitter
1989 - Sheila og Odd Resser jr.
1990 - Sagvåg musikklag
1991 - Leif Sæterdal
1992 - Reidun Hagenes
1993 - Arne Berger
1994 - Helge Heiberg-Andersen
1995 - Tordis Rydland
1996 - Meyer Eldøy
1997 - Rolf Almås
1998 - Mikal Stokken
1999 - Stord musikklag
2000 - Øyvind Alvsaker
2001 - Haldis Onarheim, Ingvild Johannesen, Sigrid Dahl Andersen
2002 - Lars Mugaas
2003 - The Chiclets
2004 - Oddny Bjordal
2005 - Anstein Lohndal
2006 - Huglo ungdomslag
2007 - Gerd Synnøve Fladby
2008 - Venelaget for Gruo
2009 - Gunnar Oma
2010 - Torleiv Agdestein
2011 - Per Jan Ingebrigtsen
2012 - Åshild og Arne Michal Kalleklev
2013 - Sagvågen kystlag
2014 - Leirvik Mannskor
2015 - Internasjonal kulturklubb IKK
2016 - Songlaget Stordabuen
2017 - Oddbjørn Kvålsvold
2108 - Bjørn Arve Lunde

Skjema for forslag til kandidat til kulturprisen.