I samband med kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø er det utarbeidd ein stadanalyse for gruveområdet på Litlabø. 

Litlabø er ein del av Sagvåg bydel. Stadanalysen tek ikkje mål av seg å beskriva alle forhold ved staden, men vert hovudsakleg relatert til forhold som kan ha betydning for framtidig arealbruk.

Den historiske utviklinga av staden er eit viktig utgangspunkt for å forstå staden i dag. Dei immaterielle kulturminna, i form av forteljingar om levekår og arbeid er viktige å ta vare på, men i denne samanhengen er det først og fremst fokus på bygningsmiljø og andre materielle (fysiske) kulturminne.

Registrering og kartfesting av kulturminne knytt til staden si utvikling er difor eit viktig grunnlag for analysen.