Stord kommune syns det er trist at ein av barnehagane i kommunen ser seg nøydd til å leggja ned, og forstår at dette var ein vanskeleg informasjon å få, både for tilsette og foreldre. Kommunane har ansvar for å at alle barn med rett til barnehageplass får slik plass, og me oppmodar foreldra i Dalen FUS friluftsbarnehage om å søkja om plass i ønska barnehage i kommunen innan fristen for samordna opptak første mars. Me vil ta kontakt før første mars med foreldre til barn i barnehage som ikkje har søkt plass i ein annan barnehage i kommunen, og eventuelt tilby dei hjelp med å søkja, seier kommunalsjef Mariann J. Hilt.

Her er pressemeldinga frå barnehagen:

"Personal og foreldre er orienterte gjennom tysdagens personal- og foreldremøte, og kommunedirektør i Stord kommune, vart orientert om saka torsdag i førre veka.

Regjeringa sin systematiske reduksjon i tilskot til private barnehagar fører no til at nok eit lokalsamfunn mistar barnehagetilbodet sitt.

Barnetalet i Stord kommune er synkande. Dei nye signala frå årets søknad om barnehageplass viser at tal barn som er i området til barnehagen er lavare enn kva som vart lagt til grunn tidlegare. Bestemminga om nedlegging er drevet fram av denne nye kunnskapen, og sjølv om dette er kort tid før søknadsfristen, meiner styret det er betre å ta bestemminga no når foreldra fortsatt har høve til å søkja anna barnehage før fristen, enn å måtte innsjå at barnehagen må leggast ned seinare når søknadsfristen er gått ut. Det er også også tilstrekkeleg ledig kapasitet frå neste barnehageår, i andre gode FUS-barnehagar i nærleiken, så me er trygge på at barna vil kunne få eit like godt tilbod i same området.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser også at tal barn i barnehagealder går ned og det er forventa færre barn i barnehagane dei neste åra. Dette fører desverre til at mange kommunar og private aktørar strevar med å oppretthalda ein berekraftig drift av barnehagar, spesielt dei mindre og private barnehagane.

Nytt forslag til endringar i barnehagelova som no er sendt på høyring frå regjeringa, vil ytterlegare forverra rammebetingelsane for dei private barnehagane, med endå meir usikker og lavare betaling for barnehageplassane, meir kommunal detaljstyring av drifta og mindre valfriheit for foreldra.

Stadig større krav til barnehagane fører til at dei faste kostnadane veks til nivå som små barnehagar med få barn ikkje har økonomisk ryggrad til å handtera med dagens tilskotssatsar.

Små barnehagar vil derfor etter all sannsynlighet vera utsatt for avvikling i tida framover. Regjeringa ønskjer stadig større barnehagar, noko som også vert støtta av at fleire kommunar bygg eigne store barnehagar, noko som utkonkurrerer mindre private barnehagar. 

Me beklagar på det sterkaste, og vil ivareta våre tilsette, barn og føresette på best mogleg måte fram til nedleggingstidspunkt. 

På vegne av Dalen FUS friluftsbarnehage AS
Monica Johnsen, NK i FUS AS"