Bjarte EplandEpland trer inn som vikarierande SLT-koordinator for Terje Eriksen. Han kjem frå stillinga som lagleiar i Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB), der han har hatt ansvar for barn med hjelpetiltak.

Etter fem år i SIB var Epland klar for nye utfordringar, og han trur erfaringane frå barnevernet vil kome til nytte i jobben som SLT-koordinator.

- Eg kjem til å ha fleire av dei same samarbeidspartnarane, og framleis jobbe med barn og unge i kommunen. Eg ser det som ein fordel at eg har god kjennskap til kommunen.

Skal vidareføre program og prosjekt

Epland er frå Stord og har blant anna master i sosialfag samt vidareutdanning innanfor fagområdet overvektsproblematikk blant barn og unge. Den nye SLT-koordinatoren ser fram til å ta tak i arbeidsoppgåvene.

- Det er mykje å setja seg inn i, og det merkast at ingen har jobba i stillinga sidan mars i år. Eg vil først og fremst jobbe for å vidareføre program og prosjekt som allereie er i gang.

Epland har permisjon frå stillinga i barnevernet fram til februar neste år, og kjem til å ha ein fot i den nye jobben og ein i den gamle dei komande vekene. Frå og med 1. september jobbar han fullt i stillinga som SLT-koordinator.

Les meir om kva SLT-koordinatoren jobbar med her.