Stord er tatt opp som programkommune i den nasjonale satsinga Program for folkehelsearbeid som er initiert av Helsedirektoratet. Programmet sitt mål er å betre den psykiske helsa blant barn og unge. ordaland fylkeskommune koordinerer dei 7 programkommunane i Hordaland. Stord deltek med prosjektet "16 - ka no?  Trygg overgang frå ungdomsskule til vidaregåande". Mål for prosjektet er som følgjer:

  1. Styrke trivsel, tilhøyrsle og gjennomføring av skuleløpet gjennom heilskapleg og god overgang frå ungdomsskulealder og vidare til neste livsfase.
  2. Fremje autonomi, tilhøyrsle og tillit gjennom brei medverknad i utvikling av tiltak.

Dei fleste unge i Stord trives og har god helse. Men kartleggingar viser også at rundt 20% trives dårleg på skulen, ein av fire kjenner seg einsame, og stadig fleire unge opplever psykiske vanskar. Fagmiljøa peikar på overgangsfasar som særleg sårbare for utvikling av psykisk uhelse. Prosjektet skal få fram kunnskap om dei unge sine erfaringar knytt til overgangsfasen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Saman med dei unge skal ein så utvikle planar/retningsliner for tiltak som kan gjere overgangsfasen lettare og minske risikoen for psykiske problem. Det blir lagt vekt på å få til god og brei medverknad frå ungdomsgruppa.

Skulen er ein sentral arena i livet til barn og unge, og mange tiltak knytt til overgangar handlar om skulekvardagen. Men også heimen og fritida spelar viktige roller når det gjeld trivsel, tilhøyrsle og helse. Planane/retningslinene skal i tillegg til tiltak i skulen også omfatte andre kommunale tenester, samarbeid med heimen, fritidsaktivitetar og nærmiljøa. Stord har eit rikt organisasjonsliv og mange engasjerte ressurspersonar. Dette er ressursar som kan inviterast inn til eit samarbeid om å skape eit meir inkluderande lokalsamfunn.

Prosjektperiode er 01.01.19-31.12.21. Det meste av prosjektarbeidet er finansiert av tilskotsmidlar. Rådmannen er prosjektansvarleg. Folkehelsekoordinator Tove Agdestein er tilsett som prosjektleiar i 40% stilling, skulefagleg rådgjevar Siri Marie Erland er frikjøpt i 20% prosjektstilling. Stord kommune starta opp prosjektet i 2018, og frå 2019 er også Fitjar kommune med. Både Stord og Fitjar vidaregåande skule deltek, og høgskulen på Vestlandet følgjer prosjektet, som skal gå fram til 2022. 

Fram til no har me samla inn kunnskap og erfaringar frå både elevar, foreldre og fagpersonar. Dei har kome med framlegg til tiltak dei meiner er viktige for å gjere tida rundt overgangen god for flest mulig. Neste fase i prosjektet er å bruke dette til å utforme tiltak som skal prøvast ut. Stord ungdomsskule og Stord vidaregåande skule er peika ut som pilotskular for å prøve ut tiltak. I tillegg skal det prøvast ut tiltak i nokre fritidsaktivitetar.

 

Program for folkehelsearbeid i kommunane