Stord kommune har i sin plan for rehabilitering, helse og omsorg (RHO) 2012 – 2021, pkt. 3.7 fokusområde: Velferdsteknologi som kan bidra til betre tenester. Målet er at teknologi skal styrkja omsorgstenestene og gje brukaren mogleik til sjølv å klara eigen kvardag.

Kommunen ynskjer og å gje både brukarar og pårørande større tryggleik gjennom bruk av teknologi for sporing og observasjon, alarmar og sensorar.

Eit prioritert mål i perioden 2012 – 2015 er å tileigna seg kunnskap om og prøve ut ulike teknologiske løysingar, samt samarbeide med frivillige og næringsliv om velferdsteknologi. Målet skal vera å halde oppe/auke funksjonsnivå, gje tryggleik og størst grad av sjølvstende hjå brukarane.

Dokument

Rapport frå prosjekt velferdsteknologi