8 fylker og 40 kommunar deltek i det nasjonale 3-årige prosjektet som har som mål å utvikla betre metodar til å få fram kunnskap om kva som bidrar til trivsel i lokalsamfunna. Det er fylkeskommunen som har søkt tilskot hos Helsedirektoratet og er såleis prosjekteigar. Stord kommune, i lag med Askøy, Fjell og Bømlo har felles prosjektleiing. Prosjektmidlane er finansiert i statsbudsjettet, og Stord har fått eit tilskot på 350 000 til prosjektarbeidet i 2016.

Lokalt prosjekt

Underprosjektet Stord kommune har oppretta heiter "Innbyggjarmedverknad i kommunedelplanprosess", og har møteplassar og aktivitet for fellesskap og trivsel i dagleglivet i fokus.

Prosjektet inngår som eit delprosjekt i arbeidet med kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø. 

Føremålet med kommunedelpanen er å få utarbeidd ein samla arealplan for heile Sagvåg- og Litlabøområdet som skal visa korleis ein kan leggja til rette for ei god og framtidsretta utvikling og bruk og vern av Sagvåg sentrum, områda rundt Storavatnet, ferjekaiområdet, gruveområdet på Litlabø m.v.

Planen skal omfatta området frå Valvatna og Justagjerdet i aust, sjøen i sør og vest, Vikanes og Bjørnvik i nordvest og Litlabø i nord.

Gode møteplassar og triveleg nærmiljø er ein viktig del av planen, men òg for folkehelsa. Stord kommune vil difor invitera innbyggjarane i bydelen Sagvåg-Litlabø til å delta i planlegging av gode møteplassar og eit triveleg og levande nærmiljø, og bruka ulike metodar og strategiar for å inkludera flest mulig.

Føremål

Mål med prosjektet er å få brei innbyggjarmedverknad i arbeidet med planen og få fram lokal kunnskap og lokale behov. Tanken er at erfaringane frå prosjektet og skal kome til nytte i andre plan- og utviklingsarbeid som t.d. revisjon av kommuneplanen.

Innbyggjarar kan nytte skjema for innspel eller kontakte prosjektgruppa på Facebook.

Bilete av prosjektgruppa: Bak frå venstre: Cecilie Berger, Marianne Ankervold, Reidun Andersen, Tove Vikanes Agdestein, Else-Marie Brobakke Aarø, Hildegunn Heimro og Trond Leirvik Onarheim.
Framme frå venstre: Trude Aamodt, Else Berit Helle, Gunn Marit Nytræ og Anne Beate Sunde.