Delprosjekt til kommuneplanen sin arealdel. Planprosjektet er gjennomført som ein del av revideringsarbeidet for kommuneplanen 2010-2021.

Hovudmålsetjinga har vore betring av folkehelsa gjennom tilrettelegging for fysisk aktivitet ved å gje folk i alle aldrar lett tilgjenge til tur - og friluftsområde, og utvikla eit samanhengande gang – og sykkelvegnett frå bustadområde til skule, servisesentra, arbeidsplassar, turområde m.m. I arbeidet med denne rapporten har og andre perspektiv vorte trekt inn, og spesielt målsetjingar knytt til klima og miljø har vore vektlagt.