Rådmann Magnus Mjør ønskte dei nye lærlingane velkomen blant anna ved å poengtere kva investering lærlingar er for Stord kommune.

- Den årlege signeringa av nye lærlingar er ei investering for framtida. De lærlingar er viktige for oss, blant anna fordi kommunen ønskjer kvalifiserte og unge medarbeidarar, sa Mjør i velkomsttalen sin.

Fleire arbeidsplassar

Lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidarfaget vil ha arbeidsplassen sin i barnehage det første året, medan dei skal jobba i grunnskulen andre året. For helsearbeidarane vert det først eit halvt år i helseinstitusjon, deretter eit halvt år i sosial institusjon, medan resten av læretida vil vera ved heimebaserte tenester.

IKT- lærlingane vil ha arbeidsplassen sin på Eining for IKT, men dei vil ofte vera å sjå ute på serviceoppdrag både i skulane og i andre kommunale einingar.

Bilete på topp:

Frå venstre bak: Monica Pejcic, William Eriksen Vørøs, Natalie Kristoffersen, Ann Helen Grønås, Siri Presthaug, Maria Kronenes Vaka, Kristine Bakken Ottesen og Anngunn Bakken
Frå venstre framme: Isabell Kannelønning, Richard J. Gjøen Ellingsen, Frank Vågenes, Gro Strauss, Rebecca Hauge Alsaker, Malin Stenersen.

Renate Tverderøy var ikkje til stades under oppstartsmøtet.