Laurdag 8. juni kl. 10-15 vert det folkefest i og rundt hamna i Leirvik sentrum. Her blir det aktivitetar og tilbod for liten og stor! Dei som ønskjer å bidra med stand, aktivitet eller anna desse dagane kan registrera seg via registreringsskjema for folk i sentrum 

Siste frist for påmelding er 20. mai.

Aktuelle aktivitetar kan vera

  • Presentasjon av frivillig organisasjon eller organiserte aktivitetar.
  • Song, musikk, dans eller andre kulturuttrykk.
  • Sal av sjølvlaga produkt.
  • Informasjon om helsetilbod, treningstilbod og liknande.

Nytt denne sjansen til å visa fram det du/de driv med, og inspirer andre til å bli engasjerte!

Folk i sentrum er ein aktiv og inkluderande møteplass der folk gjerne vert inviterte med i aktivitetane. For at alle skal kunna delta ynskjer me at aktivitetar så langt som mogleg skal vera gratis.