Helsesjukepleiar har teieplikt, m.a. etter «Helsepersonellova».

Elev eller foreldra kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen om det er noko dei ynskjer å ta opp. Døme på tema kan vere kosthald, søvn, fysisk aktivitet, grensesetjing, mobbing, endring i familieforhold, venner og psykisk helse.

Faste oppgåver gjennom skuleåret:

1. klasse: Samtale med hørselstest, vekt og høgde (m/foreldre)
2. klasse: Vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste
3. klasse: Vekt og høgde
5. klasse : Undervisning om psykisk helse ; «Psykologisk førstehjelp»,  Pubertetsundervisning i grupper
6. klasse: MMR-vaksine
7. klasse: Vaksine mot HPV, 2 dosar.

Helsesjukepleiar arbeider tverrfaglig ved behov, m.a. med skule, fastlege, PPT og BUP. Samarbeid skjer etter samtykke frå foreldre.