Løyveperioden 2020-2024 går mot slutten og politikkane skal gå gjennom kommunen sin alkohol- og løyvepolitikk for ny løyveperiode 2024-2028, jf. alkohollova § 1-6.

Kommunen skal ha ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7d. Dei alkoholpolitiske måla er saman med andre rusmiddelpolitiske mål innarbeid i kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan som skal reviderast hausten 2024.

Ei tverrfagleg arbeidsgruppe foreslår med utgangspunkt i gjeldande rusmiddelpolitiske handlingsplanen, gjeldande alkoholpolitiske retningsliner, og i tråd med helsedirektoratet sitt rundskriv til alkohollova, å avgrensa dei alkoholpolitiske retningslinene til det som gjeld sjølve løyvepolitikken i ny retningsline for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune.

Med bakgrunn i dette er det gjennomført større tekniske endringar i høve til gjeldande alkoholpolitisk retningsline, der det viktigaste er følgjande:

• Konkretisera kommunen sitt handlingsrom i høve til å bestemme si eiga løyvepolitikk

• Fjerne det som følgjer av alkohollov og forskrift, der kommunen ikkje sett eigne vilkår, eller har eigne særreglar

• Flytte sals- og skjenketidsbestemmingane til ny forskrift om opningstider for serveringsstader i Stord kommune, med heimel i serveringslova § 15

• Gjera konsepta meir generelle, inkludert forslag om å ta bort aldersgrensa frå kl. 23:00, for alminnelege skjenkeløyve

• Skilja tydelegare på det som vert regulert av alkoholregelverket, og påbod som følger av anna lov og regelverk t.d. forskrift om politivedtekter i Stord kommune

• Ta bort all rettleiing som var stila til søkar, og som også er publisert på kommunen si heimeside eller vert gjort kjent i løyvevedtaket

• Sakshandsamingstid er forlenga for dei fleste løyva

Det er eit mål er at kommunen sin alkohol- og løyvepolitikk skal vera balansert mellom alkohollova sitt føremål om å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skader alkoholbruk kan føra til, og næringa sitt behov for føreseielege rammevilkår.

Forslag til ny forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune, er i samsvar med gjeldande alkoholpolitiske retningsline.

Det er ei målsetnad at saka skal handsamast politisk i mai.
 

Dokument

Retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028

Forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider

Retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028 - med spor endring

Forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider - med spor endring

Gjeldande alkoholpolitiske retningsliner for perioden 2020-2024

 

Innspel

Send innspel til e-post: post@stord.kommune.no
eller per post til
Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord