Med eFaktura sender me rekning direkte til nettbanken din. Du slepp å legga inn rekninga sjølv, og kan godkjenna den der og då.  eFaktura får du opp i alle bankar du har konto. Betaling skjer ikkje før du har godkjent rekninga.

Fra 15. mai 2022 må du som eFakturakunde gi ein generell aksept for eFaktura for å fortsetja å vera eFaktura-brukar. Dette vert omtala som "Ja takk til alle" eller Alltid eFaktura, avhengig av kva bank eller betalingsapp du har.

For å fortsatt kunne motta rekningar og faktura som eFaktura, er det viktig at du aksepterer "Ja takk til alle" i din nettbank eller betalingsapp. Dersom aksepten ikkje er gjennomført før fristen, vil du ikkje lenger motta eFaktura frå oss etter 15. mai 2022.

Merk at allerede fra 1. desember 2021 må du gi generell aksept for eFaktura «Ja takk til alle» for å kunne motta rekningar frå verksemder som du tidligare ikkje har motteke eFaktura frå, eksempelvis kommunen. Me oppfordrar difor alle eFakturakundar til å inngå «Ja takk til alle»-avtale snarast mogleg.

Endringen vert gjort for at det skal bli enklare for deg å betala rekningane dine. Med ein generell aksept vil du heretter motta eFaktura frå første rekning frå kommunen og verksemder som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lenger må inn i nettbanken for å melda deg på mot dei enkelte verksemdene.

Du kan reservera deg mot eFaktura.