Om sakene

I framlegg til kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg er det lagt fram tre alternativ for ny skulestruktur. Eit fjerde alternativ er å gjennomføra fleire, eller alle tre alternativa, men då som ein stegvis plan over fleire år.

Kommunen må redusera driftskostnadane vesentleg dei nærmaste åra. Dette samtidig som tal elevar i skulen går ned, rammeoverføringane frå staten vert reduserte, det vert trong for færre elevplassar og fleire av skulane våre har behov for oppgradering. Kommunedirektøren ser ikkje at dette let seg løysa innanfor den skulestrukturen me har i dag.

Stord kommune har, slik kommunedirektøren ser det, behov for ei organisering av grunnskulane med drift av færre elevplassar/grunnskular enn dei me har.

Plan for handsaming

Kommunedirektøren handsamar høyringsinnspela og legg fram sak om revidert Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg, og sak om revidert Forskrift om rettleiande krinsgrenser til Utval for oppvekst og kultur 14.5.2024.

Utval for oppvekst og kultur gjer si innstilling til revidert Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg og til revidert Forskrift om rettleiande krinsgrenser som skal til handsaming i kommunestyret 30.5.2024.

Innspelsmøte

I samband med høyringa er det planlagt følgjande innspelsmøte:

  • Tysdag 12.3. kl. 18.30-20.00 på Nordbygdo ungdomsskule
  • Torsdag 4.4. kl. 18.30-20.00 på Nysæter ungdomsskule
  • Onsdag 10.4. kl. 18.30-20.00 på Stord ungdomsskule

Innspelsmøta kjem i tillegg til aktuelle møte på skulane i elevutval, samarbeidsutval og foreldreutval. 

Innspel

Alle som ønskjer det er velkommen til å gje skriftlege innspel og forslag innan 26.4.24

Send innspel til post@stord.kommune.no og merk e-posten med "Innspel til kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg" eller "Innspel til skulekrinsgrenser".

Du kan og senda innspelet ditt per post til oss:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord