Forslag til felles forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring i Stord kommune.

Høyring

  1. Forslag til forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring i Stord kommune
  2. Høyringsbrev forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Gjeldande opplæringslov § 2-11 regulerer elevens moglegheit for permisjon frå grunnskuleopplæring. Etter søknad vurderer kommunen (skulen) om det er forsvarleg å gi permisjon. Permisjonstida er avgrensa til to veker (10 skuledagar). Elever som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkje, har rett til permisjon frå skulen dei dagane som trussamfunnet har heilagdagar. Stord kommune følgjer opplæringslova og har rutinar som beskriv praksis i Stord kommune. Det er skulen som handsamar søknadar om permisjon. 

Ny opplæringslov § 2-2 sei at kommunen kan gi ein elev permisjon dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Avgrensinga om maksimalt to veker permisjon er fjerna frå lovteksten. Føresegn om elevar med anna trussamfunn vert ført vidare. 

Lovgivar krev no at kommunen fastsett eigne føresegn om permisjon i form av forskrift.

Høyringsfrist er 3. mai 2024.

Innspel kan sendast til post@stord.kommune.no