Alle med sals- og skjenkeløyve må betale eit årleg løyvegebyr til kommunen og pliktar derfor å sende inn ei omsetningsoppgåve ved årsskiftet med opplysningar om:

  • faktisk omsett mengde alkohol i året som har gått
  • forventa mengde omsett alkohol i året som kjem

Løyvegebyret er basert på forventa mengde omsett alkohol, dvs. jo meir alkohol du budsjetterer med å selge, jo høgare blir gebyret.

Kommunen utfører etterrekneskap og etteroppgjer. Dette betyr at gebyret vert korrigert ut frå faktisk omsetning i fjor, og forventa omseting inneverande år. Du får skriftleg informasjon om utrekna forskotsbetaling med grunngjeving for utrekning, og med høve til å gje attendemelding. Faktura vert sendt ut i mai-juni. 

Ved opphøyr eller sal av verksemda må du sende omsetningsoppgåve så snart du har dei endelege omsetningstala.

 

Skjema


Alkoholforskriften kapittel 6.