Omtale av planen

Reguleringsplanen legg til rette for konsentrert småhusbusetnad, til saman 13 bustadeiningar, ei bustadblokk med 15 bueiningar, vegtilkomst, og uteopphaldsareal.

Reguleringsplanen som digital kart kan du sjå i Stordkartet.

Dokument

Vedtaket og plandokumenta er å finne i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no  under fane planbehandling.

Reguleringsendring

Det vart i same sak gjort vedtak om mindre endring av reguleringsplan for Ådland, gnr/bnr 28/19, planID R247000. I endringa vart område som er regulert til felles leik og anna felles areal utvida slik at føremåla følgjer eigedomsgrensa til gnr/bnr 28/19.  Vedtaket og plandokumenta er å finne i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no  under fane planbehandling.

Klagerett

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland etter §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova av den som er part eller har rettslig klageinteresse.

Klage må grunngjevast og sendast til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
eller på e-post til rbo@stord.kommune.no

Klagefrist: 23.april 2024

Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.