Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod, forankra i «Helse- og omsorgstenestelova».

Helsesjukepleiar har teieplikt, m.a. etter «Helsepersonellova».

Elev eller foreldra kan ta kontakt med helsessjukepleiar på skulen om det er noko dei ynskjer å ta opp. Døme på tema kan vere kosthald, søvn, fysisk aktivitet, grensesetjing, mobbing, endring i familieforhold, venner og psykisk helse.

Faste oppgåver gjennom skuleåret:

1. klasse: Legeundersøking og samtale med helsesjukepleiar med foreldre. Hørselstest, vekt og høgde
2. klasse: Vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste
3. klasse: Vekt og høgde
5. klasse : Undervisning om psykisk helse; «Psykologisk førstehjelp», Pubertetsundervisning i grupper
6. klasse: MMR-vaksine
7. klasse: Vaksine mot HPV, 2 dosar

Helsesjukepleiar arbeider tverrfaglig ved behov, m.a. med skule, fastlege, PPT og BUP. Samarbeid skjer etter samtykke frå foreldre.

Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt. 

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no 
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/).

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet