Kommunestyret vedtok ved innføringa av eigedomsskatt å nytta ei sakkunnig nemnd med eige synfaringspersonell for å synfara alle eigedomane. Nemnda si rolle er å finna ein antatt marknadsverdi og å sikra likebehandling. 

Kommunen har inngått samarbeid med takstfirma Verditaksering Kjell Larsen AS, som vil utføra synfaring av eigedomar i kommunen, samt legge fram forslag til takst for sakkunnig nemnd. Det er sakkunnig nemnd som endeleg vedtar desse. Takstar og utrekna eigedomsskatt vil bli lagt ut til offentleg ettersyn innan 01.03.2025. 

Eigedomsskatt på bustader

For bustader har kommunestyret vedtatt å bruka Skatteetatens bustadverdiar (berekna marknadsverdi) som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten i følgje eigedomsskattelova, på desse eigedomane vert det ingen synfaring med taksering.

I dei tilfelle kommunen ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten, skal takseringa setjast i verk av kommunens sakkunnige nemnd. 

Berekning av eigedomsskatten vil bli sendt ut til den enkelte eigar innan 1. mars 2025. Her vil du få opplysning om korleis verdien på eigedomen er berekna (Skatteetatens berekna marknadsverdi) og kor mykje du skal betala i eigedomsskatt. 

Eigedomsskatt som vert skrive ut i 2025 er basert på bustadopplysningane i skattemeldinga for inntektsåret 2023. 

Ny taksering av næringseigedom

For næringseigedomar og tilhøyrande bygningar vil det bli sett i verk utvendig synfaring. Det er derfor ikkje nødvendig at nokon er til stades når synfaringa skjer. Ved ønskje om å vere til stades under synfaringa gir du melding om dette så snart som mogeleg og seinast innan fire veker. Eigar vil bli kontakta når det nærmar seg tid for synfaring.