Denne rapporten presenterer ein overordna plan for føringslinjer i Leirvik, og det vert gjeve prinsippløysingar på korleis ein skal gi tilgjenge til bygolvet i samsvar med den universelle utforminga.

Målet med rapporten er å lage eit heilskapeleg felles grep, og å sikre ei lik og avklara tilnærming til universell utforming. Dokumentet skal gje utbyggjar klare reglar og like krav å halde seg til. Dokumentet skal kunne bli nytta direkte i planlegginga av nye prosjekt.

Rapporten er delt i to. Første del er ein analyse av situasjonen i Leirvik i dag, og gjev ein overordna heilskapeleg plan for føringslinjer. Andre del viser prinsippløysingar med tanke på materialbruk, møblering og belysning osv. Samferdselsdepartementet ved Statens vegvesen har gjennom tilgjengeprogrammet BRA (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring) gitt midlar til arbeidet med utarbeidinga av denne planen.

Sjølve rapporten er utarbeida av Arkitektgruppa Cubus AS ved landskapsarkitekt MNLA Katrine Lone Bjørnstad og landskapsarkitekt MNLA/ byplanleggjar Axel N. Sømme. Under prosessen er det halde møte med representantar frå Statens Vegvesen , eldrerådet, rådet for funksjonshemma, Tekniske tenester i Stord kommune, og kommuneergoterapeut.

Les meir om universell utforming.