Det er forventa ei gradvis auke av behov for tenester framover innan rehabilitering, helse og omsorg. Denne auken vil skyta fart etter planperioden, særleg innan eldreomsorga. 

Fram til 2020 er difor ein relativt roleg periode, som er viktig å utnytta, byggja ut og leggja til rette for å kunne møta dei framtidige utfordringane.

Planen startar med ei innleiing, for så å omtala rammene og føringane for tenestene. Det er vidare delt inn i sju fokusområde, som kvar har omtale av status, utfordringar, målsetjingar og forslag til tiltak. Avslutningsvis er det sett opp ein prioritert handlingsplan for perioden 2012 – 2015, som vert revidert ved behov og seinast i samband med nytt kommuneval.

Plandokument