Samfunnstryggleiksomgrepet skal dekka tryggleik mot heile spekteret av utfordringar, frå mindre naturskapte hendingar, via større krisesituasjonar som representerer omfattande fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar, til tryggleiksutfordringar som truar nasjonen sin sjølvstende eller eksistens.

Arbeidet med samfunnstryggleik skal ha eit førebyggjande element ved at sannsynet for at det skal skje uønskte hendingar vert redusert – årsaksreduksjon.
Arbeidet skal også sikra at konsekvensane i tilfelle uønskte hendingar skjer vert så små som mogeleg – konsekvensreduksjon.

Plandokument

Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for Stord og Fitjar