Planen omfattar heile Stord kommune. Det føreligg framlegg til planprogram som vart handsama i Utval for plan og utvikling 04.02.2021 der ein vedtok å leggja planprogrammet ut på offentleg høyring (sjå vedlegg). Planarbeidet utløyser ikkje krav til konsekvensutgreiing.

Kommunedelplan for overvatn skal omhandle handtering av overvatn i kommunen. Overvatn kan definerast som overflateavrenning som følgje av nedbør eller smeltevatn. Hovudmålsettinga for planarbeidet er å legge til rette for heilskapleg forvaltning av kretsløpet til vatnet, og utarbeiding av ein overordna strategi for handtering av overvatn, både som ressurs og som problem.

Plandokument