Jordkartlegging er manuelt arbeid med bruk av enkle reiskaper. Arbeidet skjer til fots med bruk av jordbor. Jordkartlegginga vil ikkje påverke jordbruksdrifta på areala. Jordkartleggjarane er iførte gule refleksvester. I nokre tilfelle kan det bli behov for å parkere på privat eigedom i nokre timar medan arbeidet blir utført (kontaktinformasjon er synleg plassert i frontruta). Ved behov for parkering på tunet, prøver jordkartleggjaren å kontakte grunneigar.

Det er stor etterspurnad etter jordkartlegging i landet. Arbeidet er ein engangshending og skjer kommunevis. Kommunen informerer alle berørte grunneigarar direkte. Grunneigar har høve til å motsette seg jordkartlegging av sine areal. Men, grunneigar må då vere klar over at det ikkje er høve til å ombestemme seg og be om jordkartlegging eit seinare år. Det nasjonale jordkartleggingsprogrammet har ikkje ressursar til å gjennomføre jordkartlegging av enkelteigedommar utover den planlagde kartlegginga kommunevis. Dersom nokon motset seg kartlegging på eigen eigedom, må vedkommande ta kontakt med kommunen så snart som mogleg. Kommunen må også varslast innan denne datoen dersom det er registrert funn av jordbuar skadedyr.

Om ingen motset seg jordkartlegging og det ikkje er registrerte jordbuar skadedyr, vil jordkartlegginga bli gjennomført uavhengig av eigedomsavgrensingar og utan at utstyr blir vaska mellom arbeid på ulike eigedommar.

Resultata frå jordkartlegginga vert publiserte som temakart på Kilden (kilden.nibio.no), ein av NIBIO sine kartløysingar. Temakart frå jordkartlegginga gir grunnlag for kunnskapsbaserte avgjerder om bruk av jordressursen. Kartene vert nytta av næringa sjølv, offentleg forvaltning, landbrukets rådgivingsteneste, konsulentar og forskarar.

NIBIO ser fram til å undersøke jordsmonnet i Stord kommune.