Viltforvaltninga omfattar forvaltning av alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.

Kommunane Stord og Fitjar skal forvalta viltressursane innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.

Det er eit mål å leggja til rette for lokal forvaltning av viltressursane i eit perspektiv som er bygd på næring og rekreasjon. Samstundes er det ei målsetting at viltbestandane skal regulerast på eit nivå som tek omsyn til beitegrunnlaget, anna biologisk mangfald og andre samfunnsinteresser.

Ein stor del av viltforvaltninga går til forvaltning av hjort. Arbeidsoppgåvene er m.a.:

  • Årleg tildeling av fellingsløyve
  • Ta hand om skadde hjortedyr (fallvilt)
  • Få til tenlege hjortevald
  • Få til eit godt samarbeid mellom grunneigarane om ei god forvaltning av hjorteviltet
  • Skadeførebyggjande arbeid på åker og eng
  • Styring av det kommunale viltfondet.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor ønskjer å kome med fagleg rettleiing innan lokal småvilt og hjorteviltforvaltning. For å få ei effektiv lokal viltforvaltning på Stordøya er samarbeidet med grunneigarar, jegerar og andre interesseorganisasjonar heilt avgjerande.

Hjortevilt

Forvaltingsplan for hjort

For å få ei meir effektiv og framtidsretta forvaltning av hjort i Stord og Fitjar, utarbeida Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor i 2005 ein forvaltningsplan for hjorten på Stordøya.

Hovudmålsetjingane har vore å forenkla valdsstrukturen og å få ei meir kjønnsbalansert hjortestamme. Nokon av måla vert det framleis arbeida mot, mens andre langt på veg er innfridd. Til dømes er talet på vald på Stordøya redusert frå 48 i 2005 til 18 i dag, mykje takka vere samanslåinga til storvald i Stord kommune.

Dagens forvaltningsplan har fleire langsiktige mål om mellom anna bestandsstruktur som det vil og bør ta tid å nå. Planen er difor framleis gyldig og relevant, men vil bli revidert med jamne mellomrom for å best tilpassast bestandsmessige og administrative endringar.

Tal frå hjortejakta 2016
Løyve gitt 350
Skutt 314
Fellingsprosent 89
Kjøttmengde 13 700 kg
Verdi 685 000 kr

 

Småvilt og anna vilt

Med vilt meinar man alle viltlevande landpattedyr og fugler, amfibier og krypdyr. Alt vilt er i utgangspunktet freda, med unntak av dei det er jakttid på.

Det overordna målet i viltforvalting er at viltet og dets leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Jaktuttaket er eit av flere virkemiddel for å halde viltbestandane i balanse.

Småviltjakt i Stord og Fitjar

Alle viltartar som ikkje er storvilt reknast som småvilt. Det er høve til å jakte på ei rekke småviltartar, både av fuglar og pattedyr. Det er òg enkelte lokale fredningsbestemmingar som ein må gjere seg kjent med om ein ynskjer å jakta i Stord og Fitjar.

Ta kontakt med Stord Jeger og Fiskeforening for meir informasjon.

Fallvilt/påkjørte dyr

Alt vilt som døyr av andre årsakar enn ordinær jakt vert karakterisert som fallvilt.

Påkøyrsel av hjort er den største årsaka til fallvilt, og det vert meldt frå umiddelbart etter ei påkøyrsle. Stord og Fitjar kommunar har avtale om ettersøk og handsaming av vilt som vert påkøyrd i trafikken.

Kva gjer eg ved ein viltpåkøyrsel?

  1. Ring politiet (02800)
  2. Oppgi tid og stad for påkøyrsel
  3. Beskriv type dyr, og om det var fleire dyr saman
  4. Kan du seie noko om kva skade som er påført dyret?
  5. Om dyret har sprunge vidare - forsøk å legge merke til kva retning det sprang i
  6. Bli på plassen til ettersøksekvipasje kjem
  7. Om du ikkje har mogelegheit til å bli på plassen kan du merke av kollisjonsstaden med plastpose e.l.

Dødt vilt som ligg i vegkanten kan meldast inn til Statens Vegvesen på telefon 02030.

For andre henvendingar om fallvilt kan du kontakte viltforvaltinga:

Vidar Lillevik (Ettersøkslaget i Stord kommune) - 916 18 286
Tore S. Fitjar (Ettersøkslaget i Fitjar kommune) - 952 77 201

Ole Kristian Trondsen (Stord Fitjar landbruk- og miljøkontor) - 917 02 193
Geir Røssland (Stord Fitjar landbruk- og miljøkontor) - 948 25 346

Fritidsfiske

Fritidsfiske og sportsfiske er populære aktivitetar. Dersom du ikkje er ute etter laks eller sjøaure, treng du ikkje å betala fiskeavgift til staten.

Det er fritt fiske i alle vatn i Stord og Fitjar, med unnatak av Ådlandsvatnet som er stengt for fisking.

I sjøen er fritidsfisket fritt, noko som er ein viktig del av allemannsretten, og ein kan fiske utan løyve frå grunneigaren. Dette gjeld også laksefiske i sjøen med stong, men fisket må skje minst 100 meter frå elveutløpet. Det frie fisket gjeld også fiske med fastståande reiskap. Eit unnatak frå fritt fiske er fiske med fastståande reiskap etter anadrome laksefisk. Her har grunneigaren fyrsteretten på og nær eigen grunn. Det finst eit omfattande regelverk for fisket i saltvatn. Det handlar om både lovleg reiskap, merkingsplikt og fisketider. For fiske med stong eller andre handreiskapar er det relativt få restriksjonar.

Jegerprøva

Jakt og fangst krev kunnskap om jaktbare artar, skytevåpen, fangstreiskap, human jakt og regelverk. Alle må difor bestå jegerprøva innan dei kan utøva jakt eller fangst.

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Frå og med 1. januar 2013 må alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk.

Målgruppe

Personar som i kalenderåret er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Vilkår

Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje fra fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Pris

Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr på 280 kr. Gebyret skal betalast på ein fastsett giro som du får hos kommunen. Gebyret sendast til

Direktoratet for naturforvaltning
Jegerprøvegebyr
Postboks 5672 Sluppen
7485 Trondeim

Kontonr. 7694.05.02728

Samarbeidspartnarar

Stord Jeger- og fiskeforening

Rettleiing

Kommunen arrangerer elektronisk eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.

Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen ut bevis for at jegerprøven er teken.

Klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.

 

Fellingsløyve

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for hjort vert tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.

Vald som disponerer eit vist tal fellingsløyve kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for jakt på hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. I Stord kommune er Stord hjortevald godkjend som storvald.

Stord kommune har avtale med Stord ettersøkslag om ettersøk etter påkøyrd hjort. Ettersøk i forbindelse med jakt vert kosta av det enkelte valdet, kommunen formidlar kontakt mellom valda og ettersøkslaget.

Målgruppa

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Det må ligge føre ei godkjenning av vald for hjort. Kommunen fastset forskrift om minsteareal som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr. Minstearealet i Stord kommune er 750 daa.
Jakttida er frå 1. september til og med 23. november. Fylkesmannen kan, etter søknad frå kommunen, vedta å utvida jakta fram til 31. januar.

Pris

Kommunen fastset fellingsavgift for hjort.

Rettleiing

Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til valdansvarleg representant innan 15. juni.

Søknadsfrist

Godkjenning/ endring av vald 15. mai
Melding om endringar i vald (grenser, eigedomsforhold, teljande areal etc.) 1. april
Godkjenning av bestandsplan 15. mai
Søknad om ekstra fellingsløyve 1. mai

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.
Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Godkjenning av vald

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengjande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet
  • oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Søknadsfrist

1. mai for elg, hjort og rådyr og 15. mai for villrein

Saksbehandling

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Kommunen/villreinnemnda skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen/villreinnemnda før klagefristen for vedtaket ender.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Referat frå Fitjar viltnemnd