Sunnhordland interkommunale legevakt skal sikra innbyggjarane fagleg forsvarleg akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus ved behov for snøgghjelp. 

Akutt legehjelp

Kva tid skal ein kontakte legevakta?

Legevakta skal kontaktast når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.

Legevakta er spesielt innretta mot akutte skadar og alvorlege sjukdomar, og tilbyr hjelp ved akutte skadar, sjukdomar og kriser. Me behandlar også mindre alvorlege akutt-tilstandar, men alvorlege tilstandar vert behandla først. Kroniske sjukdomar vert berre behandla når det er ei akutt forverring.

Kontakt fastlege når det gjeld sjukemelding, fornying av resept, varige og kjente plager utan akutt forverring.

Eksempel på tilstandar der det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta:

  • Høg feber-særleg hos born
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorelg forverring
  • Slapt og medtatt born eller vaksen
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brotskader

Akuttrom 3_300x225.jpg                   

Opningstider til legevakta

Kvardagar: 15.00 - 22.00, Helge- og høgtidsdagar: 08.00 - 22.00.

Mellom klokka 22.00-08.00 tek ein kun i mot pasientar som treng akutt augeblikkeleg hjelp. Mindre alvorlege tilstandar blir vist til dagtid og pasienten sin eigen fastlege. Med augeblikkeleg hjelp meiner ein:

  • Livstrugande sjukdom eller skade
  • Alvorlig sjukdom eller skade, eller mistanke om dette
  • Sjukdom eller skade der det kan medføre fare for varig helseskade eller vesentleg forverring ved å vente med legekonsultasjon til neste dag
  • Utålelige symptom (smerte, kvalme eller liknande).

Bil - full oppløysning_300x225.jpg

Kva tid skal ein ringja 113?

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk naudhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme

 

Ring oss for å avtala time

Operatør_200x150.jpg

Me rår deg til å ringja legevaktnummeret 116 117 før du oppsøkjer legevakta.

På telefon kan du gjera avtale om time og såleis ta ventetida heime. Dei som kjem direkte, vert vurderte på lik line med dei som kontaktar oss på telefon. Dersom det ikkje hastar, må ein venta til ledig time.

Dersom du er usikker på om legevakta er rette plassen å venda seg, kan du gjerne kontakta oss på telefon, og saman kan me finna ut kva hjelp du treng. På telefonen kan me også gje naudsynte råd slik at du eventuelt slepper å koma til legevakta.

Avtalt time kan likevel ikkje binda oss. Uføresette hendingar kjem ofte på legevakta og det som hastar mest, må gå først. Om du må venta, er det fordi andre treng hjelpa raskare.

Dersom tilstanden din vert verre medan du venter, ber me deg ta kontakt med personalet vårt.

Sjuke barn

Når barnet ditt har mellomøyrebetennelse

Kva er mellomøyrebetennelse? Nest etter forkjølelse er akutt mellomøyrebetennelse den vanligaste infeksjonssjukdommen hos barn. Infeksjonen skuldast ofte virus, men kan og kome av bakteriar.

Dei vanligaste symptomane er:

  • Vondt i øyra (skuldast veske i mellomøyra som gir auka trykk og dermed press på trommehinna)
  • Feber
  • Uro
  • Forbigåande nedsett høyrsel
  • Generelt dårleg form
  • Veske som renn fra barnet sitt øyra viss det har gått hol på trommehinna

Alle symptomane treng ikkje å vere tilstades samtidig.

Er behandling med antibiotika naudsamt?

Mellomøyrebetennelse er vondt, men hos dei aller fleste går sjukdomen over av seg sjølv. Smertene gir seg vanlegvis etter 24 timar. Antibiotika hjelp ikkje på smertene, og i dei aller fleste tilfella vert barnet ikkje fortare friskt. Antibiotika kan i tillegg gje ekstra plager for det sjuke barnet, for eksempel diaré og oppkast. Hos barn over eitt år vert det anbefalt å sjå situasjonen an i to til tre dagar.

Dersom smertene ikkje avtar ein av dei første tre dagane eller det renn veske frå barnet sitt øyra lenger enn 24 timer, bør du på nytt ta kontakt med legen.

Etterkontroll: Barnet bør følgjast opp med kontrolltime hos fastlegen etter åtte veker.

Slik kan du hjelpe barnet ditt:

Det viktigaste er å lindra barnet sitt ubehag mens kroppen sjølv tar hand om infeksjonen.

Gje barnet smertestillande, for eksempel paracetamol to til tre gonger dagleg. Dersom barnet ditt har feber, verkar dette også febernedsettande. Det kan hjelpa å la barnet liggja med hovudet høgt eller sitja oppreist. Då minskar trykket i øyra, og det gjer mindre vondt. Det kan vera lurt å byggja opp hovudenden i senga med noko hardt (for eksempel bøker) i tillegg til puter.

Gje nasedråpar/spray. Dette lettar passasjen frå nesa til svelget slik at trykket i øyra minskar.

sjuke born[1].JPG

Antibiotikabruk hos barn

Antibiotika er viktige og effektive medisinar i behandling av infeksjonar som skuldast bakteriar. Uriktig bruk av antibiotika kan føra til utvikling av resistente bakteriar. Det vil seie at antibiotikabehandling ikkje lenger har effekt på desse bakteriane.

Kva betyr antibiotikaresistens for behandling av alminnelege luftvegsinfeksjonar hos barn?

Antibiotikaresistente bakteriar er eit aukande problem. Utanfor sjukehus vert antibiotika til behandling av luftvegsinfeksjonar mykje brukt, spesielt hos barn. For å behalda antibiotika som effektiv medisin, er det viktig å begrensa feilaktig bruk av antibiotika i behandling av slike infeksjonar.

Er du i tvil om barnet ditt har ein infeksjon som må behandlast med antibiotika eller andre legemiddel, skal du ta kontakt med lege. Legen vil kunna bidra med råd om korleis du best kan lindra plager hos barnet til infeksjonen går over.

Antibiotika virkar ikkje på virus

Antibiotika virkar ikkje på virus. Virus er årsaka til dei fleste halsbetennelsar, øyrebetennelsar og bihulebetennelsar og alle forkjølingar. Kroppen bekjempar normalt slike virusinfeksjonar på eigahand. Antibiotika har ingen effekt på virus og fører heller ikkje til lindring av barnet sine plager.

Også mange bakterielle infeksjonar går over av seg sjølv utan bruk av antibiotika. Ved dei fleste infeksjonar vert det anbefalt å sjå situasjonen an i to til tre dagar.

Når antibiotika er naudsamt

Når legen har vurdert at barnet har ein infeksjon som må behandlast med antibiotika, er det viktig at heile kuren vert gjennomført slik legen har bestemt. Dersom barnet ikkje fullfører antibiotikakuren, vert berre nokre av bakteriane utrydda. Dei meir motstandsdyktige vil kunna overleva, formeira seg og bli fleire.

Ventetid

Sunnhordland Interkommunale legevakt er opptatt av at dei sjukaste pasientane skal få hjelp først.

Dei mest alvorlege tilstandane vert behandla først, difor varierer ventetida frå person til person.

Ein kan oppleve ulik ventetid avhengig av hastegrad. Når du kontaktar legevakta vil ein sjukepleiar gjer ein vurdering av helseproblemet ditt, og vurdera hastegraden for tilstanden din.

Dersom tilstanden din vert forverra under ventetida, er det viktig at du gjev beskjed om dette til dei tilsette i legevakta.

Turistar – leigearbeidarar – studentar

Me rår alle som mellombels oppheld seg på Stord, til å kontakta eitt av legesentra i kommunen dersom de treng legehjelp på kvardagar.

Legevakta er likevel open for unntaksvis å hjelpa utover det som er primæroppgåva vår, om kapasiteten ved legekontora ikkje strekkjer til.

Til oversikt over legekontora.

Finn eller byt fastlege

Min fastlege

Dei fleste vil vera best tente med å venda seg til fastlegen sin ved sjukdom.

Fastlegeordninga er grunnsteinen i den norske helsetenesta, og fastlegen som kjenner pasienten vil lettast kunna vurdera både hastegrad og alvoret i situasjonen.

Legevakta er såleis berre tiltenkt akutt sjukdom eller skade som ikkje kan venta til neste kvardag. Sjukepleiar vil i samarbeid med vaktlegen og ut frå ei fagleg vurdering, avgjera kva som kan venta og kva som treng time på legevakta. Legevakta må sikra nok plass for dei som treng hjelpa mest.

Din fastlege

For å undersøkja kven som er fastlege din, eller for å byta fastlege kan du gå inn på: www.helsenorge.no

Medical care

The primary doctor scheme

Everyone who is registered as a resident in a Norwegian municipality is entitled to be registered as a patient with a primary doctor (GP). In addition, asylum seekers and their family members are also entitled to be registered with a primary doctor (GP). This is called the primary doctor scheme. The scheme is voluntary. You may choose between GPs with free capasity on their patient lists. Check Helsenorge.no for available GPs in the municipality of Stord.

See your primary doctor about general health problems or to be referred to a specialist.

In Norway medical assistance at a public GP is free for the children under the age of 7 years.

Accident and Emergency Department (norw:legevakt)

The Accident and Emergency Department accepts patients in need of immediate help, i.e. treatment of illnesses and injuries that cannot wait until the next day. The Accident and Emergency Department is located near by Stord hospital. Dial 116 117 for an appointment, or see the office during opening hours.

The opening hours of the The Accident and Emergency Department are:

  • week days 15:00-22:00
  • saturdays/sundays/public holidays: 08:00-22:00

Emergency Medical Services – EMS

In case of a life-threathening illness or a serious accident, dial 113. The EMS telephone is open 24 hours.

Other health services

General information in english on other health services

Overgrepsmottak

Sunnhordland Interkommunale legevakt IKS høyrer til under Voldtektsmottaket Helse Fonna, Haugesund sjukehus.

Telefon

05253 / 52 73 20 00

Voldtektsmottaket kan kontaktast direkte eller gjennom næraste legevakt, skule/helsesøster/lærar, fastlege, natteravn, 113 AMK (Akutt naudmeldingssentral) eller 112 politiet.

Tilbodet er gratis.

Dei som jobbar på voldtektsmottaket er sjukepleiar og lege med spesialkompetanse på overgrep.

Dersom overgrepet nettopp har skjedd er det viktig at du ikkje dusjar, et eller drikk før du kjem, men vit at du kan kome sjølv om du har dusja eller ete.

Sjukepleiar og lege ved voldtektsmottaket tilbyr:

  • Omsorg og nokon å prata med i trygge omgjevnadar.
  • Undersøkjing for å avklara eventuell smitte og graviditet.
  • Undersøkjing for å sikra bevis i tilfelle du vil anmelda forholdet til politiet.
  • Hjelp til politianmelding, viss det er ønskjeleg.
  • Hjelp til å koma i kontakt med gratis bistandsadvokat.
  • Hjelp, sjølv om overgrepet har skjedd tilbake i tid.
  • Kriserådgjevnad og oppfølging.

Personalet ved voldtektsmottaket har taushetsplikt. Du bestem sjølv kva tilbod du vil ta imot, og dei respekterer dine val.

Tannlegevakt

Ved behov for akutt tannlegehjelp utanom opningstida til tannklinikkane, må ein ta kontakt med tannlegen på privattelefon.

I helg er det mogleg å nytta seg av tannlegevakta i Haugesund.

Opningstider:

Laurdag, søndag og heilagdagar frå klokka 13.00 til 17.00.

Telefonen er betent mellom klokka 13.00 og 16.30.

Kontakt:

Telefon: 90 12 96 00

Haugesund tannklinikk, Haraldsgata 139.
Victoriahjørnet (inngang frå hjørna Sørhauggata/Kaigata), 5527 Haugesund

Heimeside: www.tannhelserogaland.no

Praktisk informasjon

Litt informasjon kring det å vitja legevakta.

Parkering

Det er gratis parkering nær Legevaktbygget (merka plassar). Dersom det er fullt kan ein nytta sjukehuset sin avgiftsbelagde parkeringsplass for besøkande.

Betaling

  • Legevakta krev betaling etter faste takstar. Viss du betalar kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
  • Ta med eventuelt frikort og vis dette uoppfordra.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgjeving er gratis.

Reseptar

Legevakta skriv berre ut medisinar som gjeld den akutte behandlinga. Vanedannande medisinar (gruppe B) vert kun skrive ut når det er naudsynt, og alltid i minstepakning.

Sterkt vanedannande medisinar (gruppe A) vert ikkje skrive ut ved legevakta.

Faste medisinar må ein få resept på hos fastlegen.

Journalutskrift

Du kan få journalutskrift ved førespurnad til legevakta anten skriftleg eller gjennom personleg frammøte. Hugs at du må framvisa legitimasjon.

For barn under 16 år må begge foreldra gje samtykkje ved oppmøte gjennom framlegg av ID og fødselsattest.

Det vert dokumentert i journal at kopi av delar/heile journal er utlevert.

Legevakta sender også alle epikrisar (samla informasjon om sjukehistoria di) til fastlegen.

Klager

Om du ikkje er nøgd med legevakta har du moglegheit å klaga på tenesta.

Me har som mål at folk skal kjenna seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng, og at me møter alle med respekt og forståing.

Skulle du av ulike grunnar ikkje vera nøgd med Sunnhordland Interkommunale legevakt IKS, vil me oppmuntra deg til å ta dette opp direkte med legevakta. Klagar på behandling ber me deg formulera skriftleg i eit brev til oss. Me har system for å handsama skriftlege klager og ønskjer å nytta klager som grunnlag for å verta betre.

Lovverk

Ei rekke lover og forskrifter dannar det juridiske grunnlaget for legevakta si verksemd.

Europeisk helsetrygdekort

Europeisk helsetrygdekort kan du bestilla på Helsenorge si side: https://helsenorge.no/ 

Interkommunal døgnavdeling - IDA

Sunnhordland interkommunale legevakt driv legevakt og døgnavdeling for øykommunane Bømlo, Fitjar og Stord med om lag 33 800 innbyggjarar.

Døgnavdelinga IDA vart opna 20. mars 2017 og ligg i 2. etasje i legevaktsbygget, og har 9 einmannsrom. Det er eige bad på alle rom. Her er felles kjøken som er betjent av personale, daglegstove med TV og spiserom til pasientar. Utgong til luftebalkong.

4 rom er knytt opp mot øyeblikkeleg hjelp senger og er til for personar med behov for øyeblikkelig hjelp, men som ikkje treng sjukehusinnlegging.

Eksempel på desse kan vere:

  • Astma/KOLS
  • Hjarte/kar-sjukdom
  • Smerteproblematikk
  • Diaré/ forstoppelse
  • Ernæringssvikt/ uttørking
  • Infeksjonar
  • Lettare psykiske lidingar/ rusproblematikk

5 rom er knytt opp mot observasjonssenger. Desse er i hovudsak for pasientar som er utskrivningsklare frå sjukehuset, men som treng auka overvaking for ein kortare periode. Den enkelte kommune disponerar desse sengene via tenestekontora.

Det er sjukepleiarar tilstade ved døgnavdelinga IDA heile døgeret, og lege tilstade i avdelinga som jobbar aktivt frå klokka 08.00 - 15.30 med eigne bakvaktar på kveld og helg. Pasientar og pårørande vert godt ivaretekne og skal kjenne seg trygge ved døgnavdelinga IDA.

Kontakt

Telefon: 53 23 30 70

E-post: ida@sunnhordland-legevakt.nhn.no

Nybygg 1[1].JPG          Pasientrom IDA 2_400x300_300x225.jpg

Personvernerklæring

Personvernerklæring for mottakarar av akuttmedisinske tenester frå Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS

 

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS nyttar og handterar personopplysningar om alle som mottek akuttmedisinske tenester frå Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS.

Her finn du informasjon om plikter og rettar for deg som mottek akuttmedisinske tenester frå Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS.

Lov om behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa følgjer reglane i lov om behandling av personopplysninger (personopplysingsloven) av 15.06.2018 med tilhøyrande føresegner.

Rådmannen i den enkelte kommune er etter lova behandlingsansvarleg. Det daglege ansvaret for pliktene til den behandlingsansvarlege er lagt til kommunen sine verksemdsleiarar.

Helsepersonell si behandling av personopplysningar vert i tillegg regulert av Lov om helsepersonell (helsepersonellova) av 02.07.1999 med tilhøyrande føresegner.

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS som akuttmedisinsk tenesteytar

Akuttmedisinske tjenester utanfor sjukehus ved behov for snøgghjelp og innleggelse ved IDA (Interkommunal Døgnavdeling).

Legetenesta, ergo- og fysioterapitenesta, heimebaserte tenester og tenester i institusjon, rus- og psykisk helse, habiliteringstenesta, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste, tiltaksteam og tenester til mindreårige flyktningar, utgjer helse- og omsorgstenestene i Stord, Bømlo og Fitjar kommune.

For å kunna utføra oppgåvene som er lagt til desse tenesteytarane er det naudsynt å ha tilgang til ulike typar opplysningar om den som får akuttmedisinske tenester. Naudsynte opplysningar kan verta henta frå den einskilde brukar eller frå andre samarbeidande instansar der tenesteytaren i kommunen kan henta inn opplysningar etter samtykke eller med heimel i lov.

Opplysningane skal berre nyttast til det føremålet dei er innhenta, med mindre det er heimel for anna handsaming av opplysningane.

Dersom tenesteytar ikkje har heimel i lov til å innhenta opplysningar frå deg, er det frivillig å gje opplysningar til Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS sine tenesteytarar. Ver merksam på at dersom du vel å ikkje gje opplysningar, kan det påverka den hjelpa du får.

Personopplysningar som er registrert

Me registrerer namn og kontaktopplysningar, fødsels- og personnummer og familietilhøve for alle som mottek tenester hos Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS. I tillegg vert alle helseopplysningar som er relevante for tenesteytinga registrert og det vert dokumentert kva tenester som er gjeve i samsvar med helsepersonell si dokumentasjonsplikt.

Rett til personvern og teieplikt

Alle som utfører tenester som helsepersonell, har teieplikt etter helsepersonellova kap 5. Helsepersonell pliktar å hindra at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får vita om nokon sine lekams- eller sjukdomsforhold eller andre personlege tilhøve i eigenskap av å vera helsepersonell.

I nokre tilfelle har helsepersonell rett til å gje personopplysningane vidare. Dette vert og regulert av helsepersonellova kap. 5. Opplysningsrett kan byggja på samtykke eller lovheimel.

Etter helsepersonellova kap. 6 har helsepersonell opplysningsplikt i nokre saker. Det betyr at opplysningar skal gjevast vidare utan hinder av teieplikt. Dette kan mellom anna vera til Statens helsetilsyn og Fylkesmannen i samband med tilsynssaker, opplysningar til naudetatar, kommunal helse- og omsorgsteneste, barnevern og opplysningar i samband med førarkort og sertifikat.

Helsepersonell har meldeplikt etter helsepersonellova kap. 7. Meldeplikta gjeld melding av fødslar, dødsfall, melding til helseregister i samsvar med forskrift og melding til koordinerande eining i kommunane om behov for individuell plan og koordinator.

Rett til informasjon om handsaminga av personopplysningar

Alle som ber om det, skal få vita korleis opplysningane om eigen person vert handsama.

Rett til innsyn

Du har rett til innsyn i journalar etter helsepersonellova § 41. For å få innsyn kan du kontakta verksemda som er ansvarleg for journalen og be om å få vita kva opplysningar dei har om deg, kva opplysningane skal nyttast til, og kor dei er innhenta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.

Me rår til at innsynsretten vert brukt og at du gjev melding til avdelinga det gjeld om feil og manglar i opplysningane som er registrert om deg.

 

 

 

Retting og sletting

Me rettar av eige tiltak opplysningar som me veit er mangelfulle eller feil. Du kan og krevja at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg vert retta. Retting av pasientjournal skal skje i samsvar med reglane i helsepersonellova § 42.
 

Du kan og krevja at opplysningar om deg som er feilaktige eller misvisande og kjennes belastande, eller opplysningar som openbert ikkje er naudsynte for å gjeva helsehjelp vert sletta, sjå helsepersonellova § 43.

Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.

Vidareformidling

Me skal ikkje selja, byta eller på anna vis vidareformidla informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette eller helsepersonell med heimel i lov kan gje vidare informasjonen. Døme på opplysningar som Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS  vidareformidlar er  namn, fødsels- og personnummer og takst for legetenester til betalingsformidlar. Namn, fødsels- og personnummer og naudsynte helseopplysningar ved henvisning til spesialisthelsetenesta/ samarbeidande instansar. Reseptar med namn, fødsels- og personnummer og legemiddel/dosering vert vidareformidla elektronisk til apoteka.

Dataportabilitet

Dersom du flyttar frå kommunen og skal få helsetenester frå ny kommune eller byter fastlege, kan du etter nærare avtale få opplysningar frå journalen din overført til ny tenesteytar.

Informasjonstryggleik

Me har etter personopplysningslova ansvar for å syta for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra og me har innført rutinar som skal gje naudsynt tryggleik.

Me sikrar at berre dei som treng tilgang til opplysningane for å utføra arbeidsoppgåver har tilgang til dei. Vidare sikrar me at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjera dette.

Me sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføra våre arbeidsoppgåver, for å gje deg best mogleg tenester.

Me går gjennom rutinane våre periodisk, slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vera så god som mogleg. Dersom me oppdagar at ei rutine ikkje er følgt, vert dette grundig følgt opp.

Kontakt med Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS om personvern

Dersom du har fleire spørsmål om handsaming av personopplysningar kan du ta kontakt med personvernombod i aktuell kommune.